Det var Torleiv Almås (1910-2002), som skreiv teksten til Stordalssongen i 1935. I sitt yrkesaktive liv var Torleiv utdanna lærar og hadde undervisningsstillingar eller administrative stillingar i fleire skuleslag og på mange plassar i landet.
Melodien til Stordalssongen, slik den vert nytta i dag, er det Kjartan Almås som har laga. Kjartan er sonen til Torleiv. Kjartan er utdanna prest og har hatt stillingar i Den norske kyrkja i lang tid. No er han pensjonist, men arbeider framleis i vikariat.
Det bør også takast med at Peter Jøsvold laga melodi til Stordalssongen lenge før Kjartan laga sin melodi. Denne melodien kan du høyre Stordal Hormusikklag framføre i eiga lydfil. (lenke nedanfor). Ein må då også nemne at opptaket ikkje er det beste og at digitaliseringa forringa kvaliteten. Kva som er årsaka til at det er Kjartan Almås sin melodi som vert mest nytta den dag i dag, er uvisst. Kanskje kan det ha samanheng med at det er lettare å framføre songen til denne nyaste melodien? At dei er vakre begge to, er det derimot ingen tvil i.
Det er vidare Odd Johan Overøye som står bak arrangementet. Dei fleste kjenner Odd Johan som ein av eldsjelene bak Kyrkjehola Kulturbeite. Det er nok rett å hevde at han har vore ganske så sentral i arbeidet med å bygge opp denne kulturarenaen, med eit renommé som strekkjer seg utover landegrensene. Overøye er elles engasjert i ei rekkje andre prosjekt og er ein kjend komponist. Til dagleg er han tilsett som førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim.
Songen inneheld altså åtte vers, sjølv om det vanlegvis er fire av dei som vert nytta. Vi presenterer alle dei åtte versa her. Sjå lenke nedanfor. I tillegg tek vi med dei fire vanlegast nytta versa i eige vedlegg.
Odd Johan Overøye har laga til ei lydfil der Stordalssongen sine fire vanlegaste vers kan høyrast. Lenke til den, finn du nedanfor. Dermed kan du nyte den vakre songen så ofte du berre måtte ynskje det.
Om vi går attende til teksten, som Torleiv Almås skreiv i 1935, er det liten tvil i at denne så absolutt har sin aktualitet i dag. For alle dei som har sterke band til Stordal, seier teksten det meste om kva ein føler når ein har vore vekke ei tid og ynskjer seg attende. Slik sett vil nok teksten i dag også kunne fungere som eit kraftfullt verkemiddel der målet er å få utflyttarar til "å bli med heim"
Ikkje minst i lys av at Stordal har valt å kalle seg "Barnas kommune" og at ein også mottok utnemninga "Årets Ungdomskommune i Møre og Romsdal" i 2009, vert innhaldet i det siste verset av songen aktualisert. At ungdomen vår "kastar søme over heim og bygd i all si gjerd", er det vel heller ikkje tvil i.