Det heile starta med busstur frå Stordal sentrum kl 15.00 og etter ein rundtur i sentrumsområdet gjekk turen til Dyrkorn og Kokarsteinen, før ein sette kursen mot Overøye og dernest til Stavsengfjellet. Undervegs tok ordførar Charles Tøsse hand om orienteringa.
Endestasjon for bussturen var Stordalshallen, der det var tilrettelagt for servering av pizza frå Nilsgardstunet og med brus og kaffe. Det var også her våre nytilflytta fekk treffe representantane frå mange av laga og organisasjonane i kommunen vår. Det var rett og slett imponerande god oppslutning frå disse og i tillegg hadde dei laga til flotte presentasjonar knytt til aktivitetane sine. Etter ei lita runde der laga/organisasjonane presenterte seg i tur og orden, fekk deltakarane gå rundt frå den eine standen til den andre for å få vite meir og for å få med seg brosjyrer, programhefter o.l.
Før opplegget i grendasalen (Stordalshallen) fekk deltakarane også ei orientering av Bjørg Moltu, ved bibiloteket (som ligg vegg i vegg). I tillegg til å vere bibliotekar, er Bjørg også folkehelsekoordinator i kommunen.
På arrangementet deltok nytilflytta frå Tyskland, Island, Nederland, Portugal og Polen, i tillegg til dei norske.
For at flest mulig skulle ha høve til å delta på opplegget, var også opningstida ved Andershaugen Barnehage utvida, denne dagen.
Det er all grunn til å tru at eit slikt opplegg kan bidra til ein "vinn vinn - sitausjon" og m.a. registrerte vi også at fleire av laga fekk nye "medlemmar" denne kvelden.
Ein vil med dette nytte høve til å takke alle dei som var med og bidrog til at opplegget vart så vellukka og sjølvsagt samstundes takke alle dei nytilflytta som deltok.
Lenke til reportasje på heimesida til Storfjordnytt, nedanfor.