Bak det flotte tilbodet som du altså kan vere med på, måndag den 22. februar, er det mange ulike aktørar. Arrangementet varer frå klokka 11.00 og til kl 16.00.
I magasinet "Læring i friluft" si utgåve nr. 2 2010, står det meir om opplegget og der kan ein også merke seg at dette er gratis å delta på. Merk også at det er sett ein påmeldingsfrist til den 15. februar. (sjå lenke til utgåve nr. 2 nedanfor)
Stordal kommune er ein av fleire kommunar, som er med i Ålesund og omland friluftsråd. Friluftsrådet gjer ein viktig og god jobb, som vi dreg stor nytte av. Det vil vere lurt å merke seg nettsida til friluftsrådet (lenke nedanfor) og sjølvsagt nytte seg av dei tilboda friluftsrådet står bak.
No er det altså klart for eit spanande opplegg her og dette bør du få med deg!
Legg elles merke til at det ligg nyttig informasjon til skular og barnehagar om komande seminar o.l., også i den 2. utgåva av "Læring i friluft"
Sjå lenka nedanfor for meir info.