Både innan idrettsbevegelsen og elles har det vore stor aktivitet, landet over, for å samle inn pengar til Haiti og pensjonistlaget sender gjerne ei oppmoding både til andre pensjonistlag og lag og organisasjonar elles, om å engasjere seg i dette arbeidet. Pensjonistlaget sine pengar gjekk til Norges Røde Kors. Det er elles ei rad ulike organisasjonar som engasjerer seg i dette viktige arbeidet.
Einar K Hove held altså fram som leiar i Stordal og Liabygda Pensjonistlag. Med seg i styret har han: Hildur Vinje (kasserar), Nelly Tøsse (sekretær), Jon Haraldsvik (styremedlem) og Gjertrud Lied (styremedlem)
Laget har no utrulege 102 medlemmar og om ein samanliknar dette folketalet i Stordal kommune og Liabygda, er dette ganske enkelt imponerande. Den prosentvise oppslutninga resulterer i at laget ligg på landstoppen. Gratulerer! Einar K Hove og dei andre aktive pensjonistane har likevel ikkje planar om å gje seg her og han oppmodar endå fleire til å verte med.
På årsmøtet var det også god oppslutning med heile 70 deltakande. Festen var elles lagt opp slik treffa plar vere, denne gongen var det Målfinn Lied og Lars Vassli, som stod for musikken. Jostein Kvithaug (frå Haram) las eigne dikt og elles var det, allsong, utlodning og mat. Ein fast tradisjon på årsmøta til laget, er også servering av blautkake.