KM i hopp samlar deltakarar i alle aldrar, frå dei yngste på 6 år til dei eldste på over 70. Eldstemann, Kåre Holmen, frå arrangørklubben kan skilte med gullmedalje i VM for veteranar nyleg. Joakim Helland kom attende med sølv frå det samme mesterskapet (sjå eigen reportasje) og han hadde det lengste hoppet på laurdag, då han strekte seg til heile 66,5 meter.
Anlegget på Stavsengfjellet er tilrettelagt for hopparar på alle slags nivå og eldsjelene som til ei kvar tid syter for topp forhold der, hadde sjølvsagt gjort jobben sin også i samband med KM-arrangementet.
For alle som har lyst til å prøve, er det berre å møte opp på treningane til hoppgruppa. Neste renn i Fjellbakken skal avviklast i palmehelga, men hugs også på Stordalscup i hopp. (Sjå kulturkalenderen, eller heimesida til hoppgruppa)