Søk
Politiske møte
juli 2010
mationtofr
2829301234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311
2345678
Kommende hendelser
Fakta om Stordal
 
  Stordal gamle kyrkje (Rosekyrkja) er bygd i 1789 og Stordal kyrkje er bygd i 1907
  -

Dagens fakta
Klart for nytt storinnrykk.

Tysdag i neste veke er det klart for den årvisse skiekskursjonen til Spjelkavik videregående skole. Då vil over 120 norske og utanlandske elevar ha base ved Stordalshallen og i løpet av det tre dagar lange opphaldet får dei delta på eit tettpakka program med full aktivitet både på dag- og kveldstid.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.03.2010

Spjelkavik vidaregåande skole har vitja Stordalshallen kvar vinter, heilt sidan hallen vart opna i 1997. Det er difor ikkje til å legge skjul på at det heile er ekstra spesielt for oss.

Sjølv om det frå starten av vart kalla skiekskursjon, så er ikkje dette heilt dekkjande. Før Stordalshallen stod ferdig, var det nemleg Fokhaugstova som var base for disse ekskursjonane, men då var det langt fra så mange som var med. Vidare er det slik at det i tillegg til all skiaktiviteten på dagtid, er full pakke med aktivitetar i Stordalshallen på kvelden. Her nemner vi kjapt at klatreklubben, trampolinegruppa og skyttarlaget tek seg av instruksjon frå kl 1900 til kl 2300 både på tysdagskvelden og onsdagskvelden. I tillegg vert det høve til å prøve ut alt anna av utstyr og tilbod Stordalshallen har å by på. På nattestid brukar det også å verte arrangert eiga fotballturnering og anna aktivitet, så sovinga får elevane ta att når ein er komen heim.

I tillegg til den store gruppa som har fysisk aktivitet som hovudtema, er det også grupper som har andre tema på programmet. Også i år vil det difor bli lagt opp til omvisning og presentasjon ved både Stordal Møbler AS og Placement. Elevane er blitt særs godt mottekne der tidlegare og det er ikkje til å legge skjul på at både elevar og lærarar let seg imponere av både dette og alt det andre dei får vere med på. Elevane har tidlegare også besøkt Rosekyrkja og stampa i Stavåna. (les meir om tidlegare besøk. Sjå lenker nedanfor)

Nytt av året er det vidare at det vert eige foredrag i grendasalen (storskjerm) på onsdagen. Då vil Monica Kjerstad Nerland fra Verdsarvsenteret i Geiranger orientere om Verdsarvfjorden og om korleis ein forvaltar natur- og kulturverdiane i området.

I tillegg vert det besøk ved beredskapssenteret Åknes/Tafjord på Stranda. Der får elevane vite meir om skredfarane i området og om korleis det heile vert overvaka. Liten tvil i at programmet er tett og interessant med andre ord.

I november i fjor hadde vi besøk av skuleleiarar frå heile 10 ulike nasjonar, der målet nettopp var å få sjå nærare på det vi kan tilby på slike ekskursjonar. Etter tilbakemeldingane å dømme også då, er det lite som tyder på at det vert færre utanlandske elevar som ynskjer å kome hit. (du kan sjå eigen reportasje frå besøket. Lenke nedanfor) Med seg på turen i år har elevane ved skulen, 24 elevar frå Nederland og 10 elevar frå Irland. I tillegg vert det truleg også med enkeltelevar frå Sveits, Tyrkia, USA og Tyskland.

Eitt av mange høgdepunkt på turen er sjølvsagt avslutningsdagen, i og med at ein då får boltre seg i løypene ved Arena Overøye. Etter det ein kjenner til skal då også resten av skulen avvikle skidagen sin her og dermed vert det nærare 400 elevar frå Spjelkavik videregående skole på plass i løypene denne dagen!

I Stordalshallen er det sovepose som er tingen og elevane ligg på "flatseng" på liggeunderlag og/eller gymnastikkmatter. Dei fleste lærarane, som sjølvsagt også er med, overnattar ved Blåtind. Etter eit opphald der er det ikkje vanskeleg å skjøne at dei ser fram til neste ekskursjon.  

Det er ingen tvil i at den store gruppa med elevar og lærarar kjem til å sette sitt preg på lokalsamfunnet vårt disse dagane og vi ser fram til å ta imot dette trivelege besøket enno ein gong.

 

Kontaktinformasjon
Stordal kommune
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279100
Faks : 70279101
Org.nr. : 964 980 276
Kontonr. : 3902.07.00711
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Skriftstørrelse
a - a - a
Dagens bilde
Mot Storvasshytta
Mot Storvasshytta
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Bjørnar Midtbust