Søk
Politiske møte
september 2010
mationtofr
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Kommende hendelser
Fakta om Stordal
 
  Innbyggarane i Stordal leverte i 2005 598 kg hushaldningsavfall pr. innbyggar. For heile landet er talet på 407 kg pr. innbyggar.
    Dagens fakta

Beste ekskursjon nokonsinne?

Sjølv om veret på den siste dagen av ekskursjonen kunne vore betre, vart det likevel ei flott avsluttande økt ved Arena Overøye i går. Men litt regn på avslutningdagen til tross, dette er truleg den beste ekskursjonen gjennomført nokon gong. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.03.2010

Olav Grønningsæter (Spjelkavik videregående skole) kunne fortelje at det var fullt ut mulig å få utbytte av opphaldet på Overøye og fleire av dei utanlandske elevane og lærarane hadde stor framgong i løpet av kort tid. Ikkje minst var det veldig fint å bruke familietraseen til dette.

I løpet av dagen ved Arena Overøye, var det også tid for å dele ut premiar til vinnarar av ulike konkurransar o.l. gjennomført i løpet av opphaldet. (t-skjorter frå Stordalshallen vonar vi vil vere eit kjekt minne å ha med seg heim)

Når ein skal oppsummere heile opphaldet er det (som nemnt i dei fire tidlegare reportasjane) først og fremst omfanget av aktivitetar og opplegg, som er så eineståande. Det ville rett og slett vere vanskeleg å få plass til meir. For alle dei som var med, treng ein truleg tid til å fordøye alle opplevingane og kanskje ikkje minst vil det vere mange av dei som vil ha behov for litt ekstra avslapping og søvn, dei neste dagane.

For oss som har hatt gleda av å ha disse elevane og lærarane på besøk disse dagane, er det viktig å få trekkje fram kor imponerande det var å registrere kor godt det heile fungerte. Organiseringa, der dei ulike gruppene hadde kvar sine konkrete arbeidsoppgåver, er nok ein del av forklaringa på dette. I tillegg er det rett å hevde at det er eksemplariske ungdomar vi har hatt glede av å ha på besøk enno ein gong.

Vi vil nytte høve til å takke alle som var med i samband med årets ekskursjon og samstundes ynskje Spjelkavik videregående skole lukke til vidare med både internasjonaliseringsprosjekta sine og elles. Vi ser fram til eit like tett og godt samarbeid med skulen også i åra som kjem. 

Ynskjer du å finne ut meir om dette med internasjonaliseringsprosjekt, evt anna om Spjelkavik videregående skole, finn du lenke til dette nedanfor. Der ligg også lenke til Arena Overøye.

Kontaktinformasjon
Stordal kommune
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279100
Faks : 70279101
Org.nr. : 964 980 276
Kontonr. : 3902.07.00711
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Skriftstørrelse
a - a - a
Galleri
Kleivavatnet
Kleivavatnet
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Bjørnar Midtbust