Søk
Politiske møte
september 2010
mationtofr
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Kommende hendelser
Fakta om Stordal
 
  Stordal gamle kyrkje (Rosekyrkja) er bygd i 1789 og Stordal kyrkje er bygd i 1907
  -

Dagens fakta

Fleire kan få bustønad frå 01. juli 2010

Bustønad Husbanken

Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning for dei som har høge buutgifter og lav inntekt. Nye reglar gjer at mange fleire kan gjere seg nytte av denne ordninga.

Publisert av Norunn Viset Busengdal. Sist endret 23.07.2010

Frå 1.juli 2010 er det innført nye reglar som gjer at mange fleire kan få innvilga bustønad, som er ein rettigheit. Det er enkelt og ubyråkratisk å søke. Husbanken forvaltar ordninga, men det er kommunen som mottek og handsamar søknadane.

Kven kan få bustønad?

Har du høge buutgifter og lav inntekt, kan du kvalifisere for bustønad. Alle over 18 år kan få stønad, med unnatak av studentar utan barn og militære. Desse har eigne ordningar.

Bustaden du søker bustønad for, må vere ein godkjend heilårsbustad. I tillegg må det vere ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkken- og kvilefunksjon, samt eigen inngang. Dersom du leiger berre eitt rom i ein annan sin bustad, kvalifiserer du altså ikkje for bustønad. 

Storleiken på bustønaden er tilpassa dei reelle utgiftene og inntektene i husstanden. Stønaden aukar når utgiftene aukar, og vert redusert når inntektene aukar, men det er ein nedre og ein øvre grense for kor mykje stønad du kan få. Du må betale ein del av buutgiftene sjølv. Storleiken på denne eigenandelen er avhengig av husstanden si samla inntekt. I buutgiftene inngår m.a. husleige, fellesutgifter i burettslag, renter, avdrag og vanlege gebyr på bustadlån, samt ein del andre utgifter for dei som bur i einebustad.  

Behovsprøving.
Bustønaden er behovsprøvd, og det er skattbar inntekt frå siste tilgjengelege likning som vert lagt til grunn. Frå 01. juli 2010 aukar både grensene for kor mykje ein kan tene, og maksimalt beløp ein kan få utbetalt. Alle som har lav inntekt og høge buutgifter, bør derfor ta kontakt med sakshandsamar på Servicekontoret i Stordal kommune for å høyre om ein kan ha rett til bustønad. 

Søknad
Bustønadsskjema kan du få ved å vende deg til Servicekontoret eller du går inn på www.husbanken.no og skriv ut søknadsskjemaet der.

Liste over kommunen sine sakshandsamarar ligg på fil under, eller du kan ringe sentralbordet på tlf 70 27 91 00.

Søknad med dokumentasjon vert å sende til Stordal kommune, v/Norunn Viset Busengdal,  Pb. 115, 6259 Stordal. Hugs å merk konvolutten "Bustønad".

Første søknadsfrist etter de nye reglane er 14. juli. Deretter er søknadsfristen den 14. i kvar månad. Bustønad blir utbetalt ca den 10. hver månad. 

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine nettsider, www.husbanken.no.

Bustønad sakshandsamarar
Kommunale sakshandsamararTlfMailadr
Norunn Viset Busengdal70 27 91 03 E-post
Solveig Holmelid70 27 91 12 E-post
Kontaktinformasjon
Stordal kommune
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279100
Faks : 70279101
Org.nr. : 964 980 276
Kontonr. : 3902.07.00711
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Skriftstørrelse
a - a - a
Galleri
Jøssvollbotnen
Jøssvollbotnen
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Bjørnar Midtbust