Fotograf: John Kristian Hjelle
Spelemiddelordninga har hatt mykje å seie for realiseringa av Nye Kirkebø stadion. fotograf John Kristian Hjelle

Ynskjer du å søkje om spelemidlar?

Då må du kikke nærare på informasjonen her. Det er nemleg ein del viktige datoar å forhalde seg til og vidare ein del som må vere på plass før søknad kan sendast inn. Det er lurt å kome igong tidleg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.04.2010

Delplan for idrett og fysisk aktivitet, vert rullert kvart år. Fristen for å kome med innspel til delplanen, er onsdag 1. oktober. Planen sin handlingsdel blir årleg rullert, noko som kan medføre at nye anlegg/prosjekt kjem med og samstundes kan prioriteringsrekkefølgja mellom dei aktuelle anlegga verte justerte.

Aktuelle prosjekt skal meldast inn til kommunen. For at ein skal ha god tid på seg i høve til rulleringsarbeidet, er fristen for å kome med innspel altså sett til den 1. oktober. Ein minner igjen om at prosjekt, som ikkje er komen med i kommunen sin handlingsdel, heller ikkje vil vere berettiga spelemidlar.

Søknader om spelemidlar skjer elektronisk og går via kommunen. Fylkeskommunen skal ha kommunene sine søknader, med prioritering, innan 15. januar. Frist for å levere inn søknad til Stordal kommune er difor sett til den 15. november.

Dette er dermed ei påminning til alle som ynskjer å søkje om spelemidlar i 2011. Innspela til delplanen må altså vere sendt inn til kommunen innan den 1. oktober 2010 og vidare må søknad vere utfyllt og innsendt innan den 15. november. Du kan lese alt om korleis dette skal gjerast ved å gå inn på idrettsanlegg.no  Der finn du ei eiga brukarrettleiing, retningslinene og sjølvsagt søknadsskjema.

Hugs også på at du må søkje på nytt kvart år, om du har fått avslag tidlegare, eller du berre har fått tilsegn på delar av søkjesummen frå før. Vidare må du vere obs på at alle typar anlegg må førehandsgodkjennast før ein kan setje igong. Om ein set i gong før slik godkjenning er gitt, er dette avslagsgrunn i høve spelemiddelordninga. I dei fleste tilfelle, er det kommunen som kan gje slik førehandsgodkjenning.

Planen sin handlingsdel for Stordal kommune sin del, finn du lenke til nedanfor (siste vedteken rullering, hausten 2009)

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Mosætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust