Korleis kan du delta?
•- Alle barn frå 1.-7. klasse kan delta.
•- Les bøker sjølv, eller finn nokon som kan lese for deg!
•- Du kan lese bøker du har heime eller lese bøker du har lånt på biblioteket.
•- Du kan lese bøker, teikneseriar eller høyre på lydbok.
•- Dei som har lese 10 bøker eller fleire blir med i trekning av tre gåvekort av kr. 300,-.
•- Fylkesbiblioteket vil gje eit premiedryss til dei som har lese 10 bøker eller fleire i Møre og Romsdal. Desse blir med i trekning av ein Ipod, tre Devold ull Multisport t-skjorter og tre boksjekkar.
Nedanfor finn du lenker til meir om konkurransen. Der kan du også laste ned eige skjema som skal nyttast. Du får skjema også om du tek kontakt med biblioteket.