Det nye heftet, som du no altså kan få kjøpe ved sørviskontoret på kommunehuset, er på heile 119 sider. Der kan du også få kjøpt dei to første hefta i denne serien.
Erfaringsmessig tek det ikkje lange stunda før dei første 100 hefta vert selde og dersom du vil vere sikker på å nå tak i heftet, anten for å ha det sjølv eller som julegåve, er det lurt å vere tidleg ute! Du kan sjølvsagt også ringe til sørviskontoret på tlf 70 27 91 00, om du ynskjer hefta tilsendt.
Ver også obs på at du kan få kjøpt dei flotte bygdebøkene, som Stordal kommune har gjeve ut tidlegare. Meir om dette HER (Her kan du altså få gjort unna mykje av julegåvehandelen på 1-2-3)
(Nokre sider frå det flotte heftet presenterer ein her. Merk då at kvaliteten i sjølve heftet er langt betre enn dette, då dette er scanna inn)
For meir om det imponerande arbeidet dei to brødrene har lagt ned, viser vi til tidlegare reportasjar.
Arbeidet med hefte nr 3, finn du HER
Reportasje i høve utgjevinga av hefte nr 2, inkl lenker til tidlegare reportasjar, finn du HER
Det er på sin plass å rette ei stor takk til dei to brødrene, for den eineståande innsatsen dei har lagt ned i høve arbeidet med dei tre hefta. Stor takk også til dei som har hjelpt til med innsamling av informasjon og bildemateriale. Dette er eit arbeid som ikkje kan verdsetjast nok!