Fotograf: Tore Sandberg
Stordalscup i langrenn startar opp alt denne første veka av det nye året fotograf Tore Sandberg
Fotograf: Hallgeir Hove
10. klasse ved Stordal skule er klare med lokalmønstring av UKM fotograf Hallgeir Hove
We Will Rock You
Ungdomsmusikalen We will rock you kjem til å bli ei stor oppleving!
Fotograf: Hallgeir Hove
Fullt hus vert det også når grenda Dyrkorn inviterer til Årsfest laurdag 25. februar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Både ved Stordalstunet (bildet), ved Stordal frivilligsentral og mange andre stadar, er det ei rad flotte arrangement framover fotograf Hallgeir Hove

Kulturkalender for januar, februar og mars 2012

Når vi no er komen i gong med eit nytt år, er det på tide å presentere ein kulturkalendar for dei tre første månadane. Det er elles særs kjekt å ta eit tilbakeblikk på ein del av alt vi har fått oppleve innan kulturfeltet i løpet av det året vi no legg bak oss. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.01.2012

Sjølv om ikkje alt av arrangement framover er på plass, viser denne oversikta iallefall at det er mykje spanande å sjå fram til. (Sjå oversikta vedlagt nedst i reportasjen) Ikkje minst er det kjekt å registrere at det er klart for ny Årsfest for Stordalshallen laurdag 25. februar. Det skal vere lokalmønstring av UKM og ikkje minst er det knytta stor interesse til storsatsinga "We will rock you". Dette er ein ungdomsmusikal der øvingane har pågått i månadsvis. Det er ungdomar frå fleire kommunar som er med.

Også denne vinteren kan vi vidare sjå fram til ny flott konsert med Stordal Hornmusikklag. Denne gongen skal dei også ha med seg Vatne Hornmusikklag og det er berre å byrje å gle seg. Laget skal også arrangere stor basar i nær framtid, så her er det berre å møte fram!

Få eller ingen kan elles vise til så stor ski-aktivitet som Stordal IL og på fleire arenaer vert det sjølvsagt mange muligheiter for å delta i konkurransar og trening. Stordalscup i langrenn, startar opp alt denne første veka av det nye året og så går det slag i slag, utover vinteren. Her vil det vere lurt å fylje med på dei flotte heimesidene til kvar av undergruppene til idrettslaget. Dette finn du HER Legg m.a. også merke til at Stordal Fjellservice syter for unike skiløyper innover fjellet (eiga underside under SIL)

Dette er sjølvsagt berre noko av alt ein kan få med seg av kulturarrangement framover og elles viser ein også til oversikta over trenings- og øvingstider HER. Denne viser at det er rikt med tilbod uansett alder og interersse.

For mange av arrangementa framover vil det i tillegg kome eigne førehandsreportasjar og dei fleste har også fått med seg at det er mykje informasjon å hente, om ein vel å knyte seg opp mot dei mange flotte facebook-sidene som er komne på plass. Her presenterer vi lenker til ein del av desse:

Barnas kommune

Stordalshallen

Stordal frivilligsentral

For å få med deg mykje av alt det som skjer innan kultur og fritid, finn du mykje nyhendestoff HER og har du særskilt lyst til å få med deg alt det positive som skjer ved Stordalshallen, finn du dette HER.  Sjå elles oversikt over dei mange andre flotte heimesidene i kommunen vår HER

Mykje kjekt å sjå attende på!

Ved inngongen til eit nytt år, er det kanskje også ekstra kjekt å sjå attende på mykje av alt det vi har fått gleda av å oppleve i løpet av 2011? I tilfelle er det berre å kikke i arkiva våre.

Kultur og fritid  (reportasjearkiv)

Stordalshallen  (reportasjearkiv)

Trur nok vi med rette kan hevde at vi har ganske så mykje å vere stolte av!

Med dette nyttar vi også høve til å ynskje alle eit godt nytt år og så gler vi oss til mange flotte kulturopplevingar saman, i månadane framover.

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Er dette den finaste i dalen? | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Rhododendron på Vinje
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust