Sjølv om ikkje alt av arrangement framover er på plass, viser denne oversikta iallefall at det er mykje spanande å sjå fram til. (Sjå oversikta vedlagt nedst i reportasjen) Ikkje minst er det kjekt å registrere at det er klart for ny Årsfest for Stordalshallen laurdag 25. februar. Det skal vere lokalmønstring av UKM og ikkje minst er det knytta stor interesse til storsatsinga "We will rock you". Dette er ein ungdomsmusikal der øvingane har pågått i månadsvis. Det er ungdomar frå fleire kommunar som er med.
Også denne vinteren kan vi vidare sjå fram til ny flott konsert med Stordal Hornmusikklag. Denne gongen skal dei også ha med seg Vatne Hornmusikklag og det er berre å byrje å gle seg. Laget skal også arrangere stor basar i nær framtid, så her er det berre å møte fram!
Få eller ingen kan elles vise til så stor ski-aktivitet som Stordal IL og på fleire arenaer vert det sjølvsagt mange muligheiter for å delta i konkurransar og trening. Stordalscup i langrenn, startar opp alt denne første veka av det nye året og så går det slag i slag, utover vinteren. Her vil det vere lurt å fylje med på dei flotte heimesidene til kvar av undergruppene til idrettslaget. Dette finn du HER Legg m.a. også merke til at Stordal Fjellservice syter for unike skiløyper innover fjellet (eiga underside under SIL)
Dette er sjølvsagt berre noko av alt ein kan få med seg av kulturarrangement framover og elles viser ein også til oversikta over trenings- og øvingstider HER. Denne viser at det er rikt med tilbod uansett alder og interersse.
For mange av arrangementa framover vil det i tillegg kome eigne førehandsreportasjar og dei fleste har også fått med seg at det er mykje informasjon å hente, om ein vel å knyte seg opp mot dei mange flotte facebook-sidene som er komne på plass. Her presenterer vi lenker til ein del av desse:
Barnas kommune
Stordalshallen
Stordal frivilligsentral
For å få med deg mykje av alt det som skjer innan kultur og fritid, finn du mykje nyhendestoff HER og har du særskilt lyst til å få med deg alt det positive som skjer ved Stordalshallen, finn du dette HER. Sjå elles oversikt over dei mange andre flotte heimesidene i kommunen vår HER
Mykje kjekt å sjå attende på!
Ved inngongen til eit nytt år, er det kanskje også ekstra kjekt å sjå attende på mykje av alt det vi har fått gleda av å oppleve i løpet av 2011? I tilfelle er det berre å kikke i arkiva våre.
Kultur og fritid (reportasjearkiv)
Stordalshallen (reportasjearkiv)
Trur nok vi med rette kan hevde at vi har ganske så mykje å vere stolte av!
Med dette nyttar vi også høve til å ynskje alle eit godt nytt år og så gler vi oss til mange flotte kulturopplevingar saman, i månadane framover.