Fotograf: Hallgeir Hove
Den årvisse sykkeltrimmen 1. mai, samlar hundrevis av deltakarar. Bilde frå møtestaden ved Moe bedehus fotograf Hallgeir Hove
Kari-Anne Nilsen, saman med den nye hesten
Er det rart at mange ynskjer å besøkje Ytste Skotet?
Fotograf: Hallgeir Hove
Bunad, leikar og flagg høyrer Nasjonaldagen til fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eva Hove introduserer verdskjente Marilyn Mazur i Rosekyrkja. Kven får vi oppleve denne sommaren? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Barnas kommune
Barnas Supersommar er blitt ein stor suksess fotograf Barnas kommune

Kulturkalender for april, mai og juni 2012

I skrivande stund har vi lagt dei første dagane av april månad bak oss og dermed er det på høg tid å presentere kulturkalendar for månadane april, mai og juni. Det er elles også denne gongen umåteleg kjekt å sjå attende på ein del av alt vi har fått oppleve innan kulturfeltet i løpet av den perioden vi no legg bak oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.04.2012

Sjølv om ikkje alt av arrangement framover er på plass, viser denne oversikta iallefall at det også er mykje spanande å sjå fram til i den perioden vi no er godt i gong med. (Sjå oversikta vedlagt nedst i reportasjen)

Ikkje minst er det kjekt å registrere at aktivitetane på Kirkebø stadion er i full gong og vi kan sjå fram til mange spanande fotballkampar, med små og store i aksjon. Særs gledeleg er det også å registrere at Ytste Skotet har mykje spanande på gong framover og sjølvsagt stas at Kari-Anne Nilsen har fått til eit så levande og flott museum på bortsida av fjorden.

Vidare ser vi fram til den tradisjonsrike sykkeltrimmen, dei mange flotte turane i regi av Stordal Turlag, kassejakta, feiring av Nasjonaldagen, Stordalscup og mykje, mykje meir.

På heimesida til Kyrkjehola Kulturbeite les vi elles at det ikkje er lenge til dei kjem til å presentere sommarprogrammet sitt og sommarhalvåret er også i høgste grad prega av ei rad flotte tilbod for dei yngste. Barnas Supersommar vart ein stor suksess i fjor og etterkvart vil vi kunne presentere fleire detaljar om det ein kan få vere med på denne sommaren.

Det er framleis ein heil del som enno ikkje er kome inn i oversikta over arrangement og aktivitetar framover. Men så snart dette er klart vil vi plotte dei inn og elles vil vi, som vanleg, presentere førehandsreportasjar både under "Kultur" på heimesida vår og sjølvsagt på facebook. Om du kjenner til arrangement eller aktivitetstilbod som ikkje er kome med her, er det fint om vi kan få tips om dette. I tillegg til dette er det sjølvsagt også ei rad faste aktivitetar og tilbod og mange av desse finn ein i oversikta over trenings- og øvingstider. Denne oversikta finn du HER

Her presenterer vi lenker til våre facebooksider:

Barnas kommune

Stordalshallen

Stordal frivilligsentral

For å få med deg mykje av alt det som skjer innan kultur og fritid, finn du mykje nyhendestoff HER og har du særskilt lyst til å få med deg alt det positive som skjer ved Stordalshallen, finn du dette HER. Sjå elles oversikt over dei mange andre flotte heimesidene i kommunen vår HER


Mykje kjekt å sjå attende på!

Når vi no er i ferd med å legge ein ny fantastisk periode bak oss, med m.a. ei rad flotte arrangement og med eineståande resultat m.a. i skiløypene, er det kanskje også ekstra kjekt å sjå attende på mykje av alt det vi har fått gleda av å oppleve. I tilfelle du ynskjer det, er det berre å kikke i arkiva våre.

Kultur og fritid (reportasjearkiv)

Stordalshallen (reportasjearkiv)

Trur nok vi med rette kan hevde at vi har ganske så mykje å vere stolte av!

Med dette nyttar vi også høve til å ynskje alle ein flott vår og etterkvart sommar! Grip dei muligheitene som finst, ta del i dei mange flotte arrangementa og tilboda og ikkje minst; benytt deg av den vakre naturen vi har rundt oss!

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Naust i Hovsstranda
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust