Stordal Turlag har verkeleg fått på plass eit suverent tilbod for dei som har lyst til å kome seg ut på tur. Dei mange turane kvart år varierer i vanskegrad og slik sett bør det her vere noko som passar for dei fleste. Ekstra flott er det sjølvsagt at det på turane er sett opp kjentfolk/turleiarar og det er elles liten tvil i at dei som er med har det særs kjekt.
Les meir om både dei mange turane, dei nye turkassene og "Kassejakta", i eige informasjonsskriv frå leiaren i Stordal Turlag, Ruth Janne Vinje. (sjå vedlegg nedst på sida)
Sjå gjerne også tidlegare reportasjar om "kassejakta" og om Stordal Turlag i vårt reportasjearkiv.
I 2005 vart Stordal kommune kåra til Årets Turkommune i Møre og Romsdal! (sjå gjerne den flotte powerpointpresentasjonen Peter Onis laga i høve kåringa) Sidan den gongen har Tur- og trimgruppa i Stordal IL teke seg av opplegget med dei 10 turmåla, noko som har vore til stor glede for mange. Særs kjekt er det å registrere at denne no altså vert ført vidare i regi av Stordal Turlag.
Fyl turlaget på facebook då vel!