Spesielt klasseromma mot sør, med utsikt ned mot stadion, begynner å bli ferdige. Her skal mellomtrinnet ha klasseromma sine, og fleire av elevrådsrepresentantane meinte at det var her dei finaste klasseromma var.
Med også i den nordre enden, opp mot riksvegen, der ungdomsskulen skal ha klasseromma sine, blir det mange lyse og fine rom. Men der er står det enno ein god del arbeid igjen før det kan seiast å vere ferdig. Men det går framover med stormskritt...
Elles var elevrådet veldig godt fornøgd med fellesareala på mellomtrinn og ungdomstrinn, i tillegg til ein spennande vestibyle og kantine. Her skal det vere mogeleg å trivast!
Første ordinære skuledag i det nye bygget blir mandag 15. oktober. Første skuledag etter haustferien... Vi gler oss!