Storfjorden Ergoterapi, ny samarbeidspartnar!

Storfjorden Ergoterapi AS har inngått samarbeidsavtale med Stordalshallen. Verksemda ynskjer å vere med på det innhaldsrike og populære profileringskonseptet, til liks med heile 95 andre verksemder landet over.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.06.2012
Logo - Storfjorden Ergoterapi
Logo - Storfjorden Ergoterapi

Med Storfjorden Ergoterapi AS på plass no, kan vi stadig vekk konstatere at all ledig reklameplass i Stordalshallen er oppteken. Dette har vore slik heilt sidan sommaren 2009 og seier det meste om kor populært det er å vere med.

Meir om vår nyaste samarbeidspartnar:

Storfjorden Ergoterapi sin visjon er ”Meistring av eige liv for alle”

Verksemda sitt mål er å dekke behovet for ergoterapi for innbyggjarane, arbeidstakarane og interesseorganisasjonane i kommunane rundt Storfjorden. Dei har fokus på å førebygge og førebu.

Dette gjer dei:

• Møter folk med interesse og respekt
• Kartlegg behov for tilrettelegging
• Søker om og innfører hjelpemidlar i folks privatliv, fritid, skuledagar og arbeidsdagar
• Driv med opplæring i ergonomi og forflytningsteknikk
• Tilpassar hjelpemidlar som folk allereie har


Kva betyr dette for deg:

• Du får vere med og er inkludert
• Du kan bu tryggare i eigen bustad og klare deg sjølv mykje lenger
• Du kjem deg på jobb, butikken, banken og frivilligsentralen sjølv
• Du kan stå i høgare stilling over enda lengre tid i arbeidslivet
• Du førebygg belastnings- og slitasjeplager

Slik kontaktar du Storfjorden Ergoterapi:

E-post: frode@storfjordenergoterapi.no (vert tilgjengeleg frå onsdag 4. juli)

Telefon: 456 11 654

Nettside: www.storfjordenergoterapi.no (vert tilgjengeleg frå onsdag 4. juli)

Storfjorden Ergoterapi AS skal ha eigen stand i Stordalshallen under Stordalscup 2012. Då bør du ikkje nøle med å stikke innom. Du vil då også få ein preview av den nye nettsida, som vert tilgjengeleg på verdsveven onsdag den 4. juli!

Vi ynskjer Storfjorden Ergoterapi velkomen med på laget og oppmodar deg til å ta kontakt med verksemda, for å få vite meir om alt dei har å tilby.


 
   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove