Virusha kan vidare fortelje at UKM - Festivalen var ei stor oppleving. I tillegg til dei to framføringane ho var med på, fekk ho og søster Sivanja med seg ein heil del av alt det andre desse festivalane har å by på. Sivanja, som faktisk hadde vore med på Landsfinalen året i førevegen, var til god hjelp og støtte.
Vi har tidlegare skrive mykje om både dei to dugande dansarane våre, om tidlegare landsfinaledeltakarar og om flotte lokalmønstringar her. Nedanfor finn du lenke som fører deg vidare til mange av desse reportasjane:
Virusha til Landsfinalen!
Der har vi sjølvsagt også peika på at Stordal (som altså er den minste kommunen i Møre og Romsdal) i løpet av dei sju siste åra faktisk har hatt deltakarar med på Landsfinalen heile fem gongar!
Vi nyttar høve til å gratulere Virusha med sin strålande innsats under UKM - Festivalen 2012 og ynskjer ho lukke til vidare med dansinga si!
Sjå Virusha i aksjon på scena under UKM - Festivalen 2012 her
Sjå gjerne også eigen reportasje om Virusha og Sivanja i siste utgåve av Barnas kommune sitt magasin.