Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune har vel 4 000 dekar dyrka jordbruksareal og ca. 37 000 dekar produktivt skogareal
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Aktivitetskveldar for ungdom

Stordal ungdomsråd inviterar til aktivitetskveldar i Stordalshallen - Klikk for stort bilde Bjørg Jacobsen

Stordal ungdomsråd inviterer ungdom frå 8. klasse og oppover, til aktivitetskveldar i Stordalshallen. Første aktivitetskveld blir fredag 7. april kl. 19:00-20:30.

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 01.04.2017

Ungdomsrådet ønskjer å tilby ulike aktivitetar i Stordalshallen, Plakat aktivitetskveld i hallen - Klikk for stort bilde ein fredag i månaden fram til sommaren. Det vil bli ulike aktivitetar frå gong til gong, og i hovudsak vil dette vere aktivitetar som klatring, volleyball, håndball, teamtrack og hinderløyper. Ungdomsrådet ønskjer at aktivitetskveldane skal vere eit lågterskel tilbod for ungdommane, samtidig som det skal vere kjekt og sosialt.

Det vil vere instruktørar og representantar frå ungdomsrådet til stades på alle aktivitetskveldane som blir desse fredagane:

7. april kl. 19:00-20:30
5. mai  kl. 19:00-20:30 
2. juni  kl. 19:00-20:30 

Medlemmane i ungdomsrådet håper på stort oppmøte og oppmodar ungdom også frå nabobygdene til å ta turen! Det er gratis inngang - det einaste du må huske å ta med er innesko og drikkeflaske!

Om dette blir eit populært tiltak, vil det halde fram også til hausten! 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal sommarsentrum
Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS