Søk
Politiske møte
september 2010
mationtofr
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Kommende hendelser
Fakta om Stordal
 
  I 2007 var det ei netto innpendling til Stordal kommune på 77 personar
    Dagens fakta

Næring og miljø

Møbel har i lang tid vore Stordal kommune sitt varemerke. Møbelverksemdene i Stordal har tradisjonar tilbake til 1930-åra. Dei små kjellarverksemdene som blei starta opp av ein eller to personar, har fram til i dag utvikla seg til moderne industriverksemder og representerer i dag hovudnæringa- og den næringa som gir størst sysselsetjing i kommunen.

Også landbruket har stått sterkt i Stordal med hovudvekt på mjølkeproduksjon, men også med eit ikkje ubetydeleg innslag av småfe.
Sjølv om rammevilkåra for landbruket generelt har vorte sterkt forringa dei siste åra, og som har medført sterk reduksjon i antal drevne gardsbruk, vert det satsa både innan det tradisjonelt landbruk og ikkje minst innan dei ”nye” landbruksrelaterte næringane som turisme/reiseliv/gardsmatproduksjon m.v.

Elles finn ein i Stordal kommune dei fleste servicetilbod som ein tradisjonelt finn- og forventar å finne i slike mindre bygdesamfunn.

Vidare er å merke at ein i Stordal finn ein ein av dei største maskinentrepenørane i regionen.

Gjennom oppretta næringsfond søkjer kommunen bidra/stimulere til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder, tufta i vedteken næringsplan.

Med sine store naturressursar både knytt til viktig kulturlandskap og ikkje minst knytt til uberørt natur, er Stordal kommune svært oppteken av sitt forvaltningsansvar - d.v.s. det å kunne ta vare på natur og miljø og samstundes sjå på desse ressursane/verdiane som viktige i næringssamanhang og som grunnlag for oppretthalding av busetnad.


HØGSKULETILBOD I HANDLINGSKOMPETANSE

Handlingskompetanse gjeld din eigen kvardag og kva du gjer med dine ressursar.
Studiet dreier seg mykje om personleghetsutvikling.

Vedlagt følger informasjon om eit heilt nytt høgskoletilbud i Skodje kommune.
Det er stor interesse for tilbodet som også har vore mykje omtala i media.
Studiet startar i september/oktober og varer i 2 år.

Undervisninga skjer på kveldstid 2 - 3 dagar i veka.

Meir informasjon i brosjyrene
Kontaktinformasjon
Stordal kommune
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279100
Faks : 70279101
Org.nr. : 964 980 276
Kontonr. : 3902.07.00711
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Skriftstørrelse
a - a - a
Galleri
Stordal sommarsentrum
Stordal sommarsentrum
Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Bjørnar Midtbust