Publisert 22.05.2013
Petter A Busengdal

Stordal Turlag har no offentleggjort vinnarane av turkonkurransen for sist sesong og årets konkurranse er også godt i gong. 

Publisert 21.05.2013
17. mai 2013 Mykje folk ved bygdetunet

Det vart ei super feiring av nasjonaldagen vår, både i Stordal og på Dyrkorn. Det vart nok også rekord igjen, i høve til deltaking. Ikkje minst det at det var konfirmasjon i Stordal pinsehelga, hadde nok innverknad på det.  

Publisert 14.05.2013
17. mai - tog, Dyrkorn 2007

Nasjonaldagsfeiringa på Dyrkorn og i Stordal er både innhaldsrike og flotte og årets arrangement ser ut til å fylje malen frå tidlegare år. I tillegg til den offisielle delen av feiringa, er det også i år klart for eigen Kulturkveld i Stordalshallen.

Publisert 14.05.2013
Tilbygg Stordalshallen- første synfaring

Det er no like før ein kan setje i gong arbeidet med få på plass tilbygget ved Stordalshallen. Etter ein grundig prosess har ein kome fram til planløysingar, ein vonar skal fungere optimalt. Til liks med så mange tidlegare prosjekt her, vil dugnad kome til å utgjere ein betydleg del.    

Publisert 13.05.2013
Kari-Anne med nyfødd lam

Våren er ei vakker tid og ekstra vakkert er det naturlegvis på museumsgarden Ytste Skotet. Lamma spring rundt på bøane og no gler Kari-Anne Nilsen seg til å ta imot gjestar til årets første museumssøndag den 19. mai.

Publisert 08.05.2013
Stordal Turlag, Grytavasstinden 2012

I løpet av perioden frå og med i dag og fram til den 6. oktober, kan du vere med på heile 16 turar, i lag med Stordal Turlag. I kveld går turen frå Dyrkorn og til garden i Stamneset. Turlaget stiller med turleiar kvar gong. Turlaget melder også om at årets "Kassejakt" starta opp 1. mai.

Publisert 08.05.2013
Stordalscup 2013

Invitasjonane til Stordalscup 2013 er alt sendt ut. Arrangørane, med over 30 års fartstid, er klare til å stelle i stand ny folkefest her i Stordal frå fredag 28. til og med søndag 30. juni.

Publisert 06.05.2013
Taekwon-do, gradering april 2013

Laurdag den 27. april arrangerte ITF Valldal Taekwon-Do, seminar og gradering i Stordalshallen. Klubben har 26 medlemmar der 9 av dei kjem frå Stordal.  

Publisert 06.05.2013
Skateparkmøte apr 2013

Sist måndag inviterte Stordal ungdomsråd til informasjonsmøte i høve etablering av skatepark. Om lag 20 skateinteresserte ungdomar møtte fram på ungdomsklubben for å høyre om planane - og ikkje minst få høve til å treffe Henning Braaten, profesjonell skater, som også designer skateparkar.

Publisert 06.05.2013
Linedance-trim

Førre måndag var det oppstart av Linedance-trim for damer 30 +. Heile 35 damer frå 30 år og oppover møtte opp! Dermed vart frivilligsentralen faktisk for liten, sjølv om denne i utgangspunktet har rikeleg med areale. Den enorme interessa gjer difor at aktiviteten vert flytta til Stordalshallen, frå og med 6. mai.

Publisert 03.05.2013
Påskesamling 2013 - Stordal Barnekor

Stordal kommune ynskjer også i 2013 å løyve midlar, som kan stø opp om det frivillige kulturarbeidet. Lag og organisasjonar kan difor søkje om kulturmidlar også i år. Merk søknadsfristen, som er sett til 1. juni.

Publisert 03.05.2013
Sykkeltrim 2013

Sjølv om det ikkje vart sett rekord denne gongen, var det likevel godt over 200 som deltok på den tradisjonsrike sykkeltrimmen 1. mai. I den sterke vinden og det kalde veret, er dette like fullt ganske så imponerande. 

Publisert 02.05.2013
Magnus Øvrebust

Endeleg kan vi presentere den heldige vinnaren av gåvekortet frå Lefdal Elektromarked, til ein verdi av kr 500,-.

Publisert 26.04.2013
Vedlikehaldsdugnad 2013 - ti spreke dansarar saman med sprek vaktmeister

I eigen reportasje nyleg, kunne vi med glede meddele at Stordal Folkedansgruppe har sparka i gong vedlikehaldsdugnaden ved Stordalshallen. I går kveld var dei i aksjon igjen!

Publisert 26.04.2013
Sykkeltrim 2012 - deltakarar

Onsdag 1. mai er det på ny klart for den tradisjonsrike sykkeltrimmen og arrangementet fyl same lesten som tidlegare. Oppslutninga brukar vere særs stor og i fjor vart det sett rekord på ny, då heile 311 deltok! 

Publisert 25.04.2013
Henning Braaten

Måndag 29. april kl 18.00 inviterer Stordal ungdomsråd til informasjonsmøte om skatepark. Møtet vil gå føre seg på Stordal ungdomsklubb og Henning Braaten, som er 5 x verdsmeister i streetskating vil vere tilstades. Representant frå Scansis, som kan vere ein aktuell leverandør, deltek også.

Publisert 24.04.2013
Dans med Stordal Folkedansgruppe

Stordal Folkedansgruppe møtast fast onsdagskveldane i Stordalshallen og det er god oppslutning kring det flotte tilbodet. Dei arrangerer også eigne dansekveldar og dei tek imot gjestar utanfrå, som t.d. Ungdomslaget Ivar Aasen. Sist laurdag var seks av medlemmane til den aktive gruppa også i full gong med å vaske ned på kjøkkenet i Stordalshallen.    

Publisert 24.04.2013
Vestnes Linedance Club

Måndag 29. april kl 20.30, vert det starta opp eit nytt aktivitetstilbod på frivilligsentralen. Då vil det bli muligheit for damer mellom 30 og 100 år å svinge dansefoten!

Publisert 24.04.2013
Kurs for ungdomsråda i Storfjordområdet april 2013

Ungdomsråda i Stordal, Norddal, Ørskog og Stranda har dei siste åra møttest for å ha opplæringskurs. Denne gongen med Stranda som vertskap.

Publisert 09.04.2013
Stordal IL Opprykk til 4 divisjon 2012

Då kan vi presentere ein ny kulturkalender. I denne vil ein finne ein heil del av det som skal skje, utanom dei meir faste aktivitetane kvar veke. Ver likevel merksam på at det er mange arrangement som vil kome til etterkvart, då ikkje alle detaljar er på plass. Eit god døme på dette er Kyrkjehola Kulturbeite sitt sommarprogram, som vi sjølvsagt gler oss veldig til å få presentert.

Publisert 21.03.2013
Stas med klubbrenn

Stordal Alpin arrangerer ope klubbmeisterskap, tysdag 26. mars. Dette betyr at alle som har lyst, uansett alder, nivå eller kvar dei kjem i frå, får vere med! Sjå plakaten for meir.

Publisert 30.08.2012
Øvre Stordal Vel

Øvre Stordal Vel er neste lag/org ute med ny heimeside. I tillegg har velforeininga også oppretta eigen profil på facebook.

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: 934 01 661

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust