Søk
Politiske møte
september 2010
mationtofr
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Kommende hendelser
Fakta om Stordal
 
  I Stordal kommune var det i 2008 1,84 legeårsverk pr. 1000 innbyggarar. For heile landet var det tilsvarande talet på 0,92.
    Dagens fakta

Om Stordal

Stordal kommune ligg ved Storfjorden på Sunnmøre og grensar til kommunane Rauma, Vestnes, Ørskog, Norddal, Stranda og Sykkylven. Kommunen sitt areal er på ca 249 km2 og pr 01.10.05 var det 1003 innbyggjarar i kommunen.Kommunesenteret ligg i Stordal, 6 mil frå næraste by - Ålesund. Bygda Dyrkorn er ein del av Stordal kommune.
Kommunen var i perioden 1965 -1977 ein del av storkommunen Ørskog.

Næringsliv:Stordal kommune har vore rekna som ei av dei fremste møbelkommunane i landet. Framleis står møbelindustrien sterkt, og denne industrien er også i dag den ”arbeidsplassen” i kommunen som gir størst sysselsetjing.

Jordbruket har tradisjonelt stått sterkt i Stordal. Dei naturgitte føresetnadane for jordbruksdrift har vore/er gode. Sjølv om rammevilkåra elles har vorte dårlegare, ser ein fortsatt fleire som satsar både innan tradisjonelt landbruk og ikkje minst innan dei ”nye” landbruksrelaterte næringane som turisme/reiseliv/gardsmatproduksjon m.v.

Kommunikasjon/samferdsel:Som liggjande som innfallsporten til ”The Golden Route”, har Stordal stor turistgjennomstrøyming i turistsesongen (Rv 650). Gjennom ferdigstillinga av Stordalstunnelen og seinare Dyrkorntunnelen, har Stordal i dag eit trygt og godt vegsamband både innetter- og utetter fjorden. Ca 1 times køyreavstand til Ålesund og Ålesund lufthavn (Vigra).

Turiststraumen gjennom Stordal vil venteleg auke i tida framover, ikkje minst som fylgje av Geirangerfjorden sin verdsarvstatus.

Anlegg/Infrastruktur:Stordal kommune har ein godt utbygt infrastruktur på dei fleste område. På anleggsfronten er det spesielt å legge merke til dei mange tilrettelagde tilboda innan idrett- og friluftsliv, m.a. eigen fullskala idrettshall m/skytebane og klatrevegg, alpinsenter, skihoppanlegg, gras-og grus fotballbane, og regionalt friluftsområde (Overøye/Langsæterområdet) m/opparbeidd parkeringsplass (utvida kapasitet til ca 400 p.plassar frå 01.01.2006). Alle tilboda kan nåast innanfor ei køyretid på ca 15 min frå Stordal sentrum.

Verdt å sjå: Av mykje spanande å sjå i Stordal kommune, vil vi spesielt nemne fylgjande:¨

  • Stordal gamle kyrkje (Rosekyrkja) frå 1789 - unik kyrkje p.g.a. rosemålingane og treskurden inne i kyrkje.
  • Ytste Skotet - mykje besøkt fjellgard der både bygningsmasse og kulturlandskap er halden i hevd av organisasjonen Storfjordens Venner.
  • Privat restaurert/gjenreist eldre bygningsmasse på Jøssvoll
  • Stordal småbåthamn - ei vakker og godt tilrettelagt besøkshamn for båtfolket. Nytt servicebygg opna i 2005.
  • Dyrkornanleggene - eit eldre og særmerkt ”industrimiljø” ved sjøen på Dyrkorn.
Kontaktinformasjon
Stordal kommune
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279100
Faks : 70279101
Org.nr. : 964 980 276
Kontonr. : 3902.07.00711
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Skriftstørrelse
a - a - a
Galleri
17.mai gamlekyrkja
17.mai gamlekyrkja
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Bjørnar Midtbust