Elevvurdering

I tråd med Opplæringslova, legg vi opp til 2 kontaktmøte for foreldra i løpet av skuleåret. På hausthalvåret skal desse møta helst avviklast innan utgangen av oktober og i vårhalvåret innan utgangen av februar.

Vi legge elles opp til faste samtalar mellom kontaktlærar og elev – dei såkalla elevsamtalane. Det skal vere minst ein slik samtale i kvart semester.

Både konferansetimane og elevsamtalane skal fokusere på det som skal skje framover i skuleåret - gjerne med enkle målsettingar som både elevar, foreldre og lærarar er kjende med. I forkant av samtalen vil elevar/foreldre få ei form for førebuingsskjema frå kontaktlærar.

I utgangspunktet ser vi det som naturleg at eleven er med på konferansetimane, dersom ikkje anna er avtalt mellom foreldra og kontaktlærar.

Når det gjeld skriftleg vurdering på småskulesteget og mellomsteget, praktiserer skulen ei ordning med utsending av skriftleg vurderingsark ved slutten av skuleåret.

Elevar på ungdomsskulen får karakterutskrifter til jul og sommaren som tidlegare.

   

Kontaktinformasjon

Stordal skule Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : bjornar.midtbust@stordal.kommu..
Telefon
: 70279170

Skriftstørrelse

a - a - a
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust      Teknisk ansvarleg Bjørnar Midtbust