Fotograf: Hallgeir Hove
Hedda, Siri Jun og Tieme med flott felespeling fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei eldste gitaristane i aksjon, både med speling og song fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nydeleg song av Yoon, akkompagnert av Mass Peter fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Preben, ein av dei som trakterte slagverk på imponerande vis fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Duett på piano, ingen problem for Mani og Aaron fotograf Hallgeir Hove

Ny imponerande kulturskuleavslutning!

Ein fullsett grendasal fekk i går kveld vere med på ei kulturskuleavslutning, som rett og slett var imponerande. Over 40 talentfulle elevar var i sving og flinke var dei alle som ein!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.06.2012

Elevane ved kulturskulen fekk nok ein gong synt fram kor mange eineståande flinke born og unge, som bur i denne lille kommunen vår. Det som også var kjekt å registrere, var den store variasjonen på innslaga. Vi fekk oppleve elevar i aksjon med mellom anna både gitar, klarinett, messinghorn, fiolin, song, tverrfløyte og slagverk.

Kulturskuleavslutninga starta kl 18.00 og sjølv utan pause, vart klokka faktisk over åtte før alle hadde framført innslaga sine. Med berre eitt innslag frå kvar av dei (enkelte deltok rett nok med fleire instrument), skjønar ein fort kor stor breidde det var på avslutninga. Dei to timane gjekk faktisk rett så fort, med så mykje flott å få oppleve og både lærarar og elevar hausta mang ein trampeklapp for det dei har fått til i løpet av skuleåret.

Kulturskulerektor, Bjørnar Midtbust, kunne avslutningsvis fortelje at det til neste år faktisk var endå større interesse for å vere med i kulturskulen og han var veldig glad for at alle dei dyktige lærarane har sagt frå at dei stiller på. Heile 70 elevplassar, fordelt på 60 elevar vert status for kulturskulen, neste skuleår og i Stordal får alle som ynskjer det plass! 

Bjørnar nemnte også at kulturskulen ville samarbeide nærare med Stordal Musikkverksted det komande skuleåret og syntest det var veldig positivt at ungdomane Åge Staurset og Adrian Hoff har teke tak i å skape ny giv der. 

I tillegg til å takke elevar og lærarar ved kulturskulen, nytta ein stolt og imponert rektor også høve til å takke Mass Peter Jelle og Jarle Helgesen. Det var desse to som tok hand om det tekniske, denne kvelden.

På vegne av alle oss som fekk slik ei flott oppleving i Stordalshallen i går kveld, er det på sin plass å rette ei stor takk til Stordal kulturskule!  

I Stordalshallen sitt bildegalleri finn du no 40 bilder frå den fine kulturskuleavslutninga.


Sjå gjerne også reportasjar frå tidlegare års kulturskuleavslutningar. 

Kulturskuleavslutning 2011

Kulturskuleavslutning 2010

Kulturskuleavslutning 2009

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: 934 01 661

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Vinternaust
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust