IDOL-Jenny kjem og ny deltakarrekord!

Det er no klart at Jenny Langlo skal opptre i Stordalshallen i samand med Stordalscup 2012. Jenny har eit tettpakka program for tida, der "alle" også ynskjer å få ho med på festivalar og liknande. Det er difor ekstra stas at ho no kjem for å synge på heimebane, slik at dei tusenvis som vitjar Stordal i samband med Stordalscup også får høve til å oppleve IDOL-vinnaren!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.06.2012
Fotograf: Pressefoto
Jenny klar for å opptre under Stordalscup 2012! fotograf Pressefoto

Truleg er det slik at dei aller fleste veit kva Stordalscup er for noko og kanskje ikkje minst at dette er ein folkefest over tre dagar. Uansett fotballinteresse eller ei, Stordalscup byr på så uendeleg mykje spanande at folk frå heile regionen valfartar til Stordal denne helga. Arrangørane har faktisk berekna besøkstalla samla sett på ein stad rundt 7 000 personar, dei siste åra! Synest du det har vore mykje kaldt og dårleg ver den siste tida, er det berre å gle seg til cup-helga i Stordal. Arrangørane har nemleg funne den helga i året, då det alltid er strålande sol og skikkeleg sommarvarme!

Vårt tips til dei mange som kjem for å vere med på folkefesten, vert enno ein gong at ein bør studere programmet nøye på førehand. Dette fordi det skjer noko heile tida og ikkje minst fordi det skjer både ute på kunstgrasbanene, i området på og rundt stadion og både inni og utanfor Stordalshallen!   

Les meir om alt det Stordalscup har å by på i våre tidlegare reportasjar om dette suverene arrangementet. I denne reportasjen finn du lenker til reportasjar tilbake til 2007

Visste du forresten at Stordalscup har vore arrangert i over 30 år no? Arrangementet er elles så stort at dei aller fleste i Stordal er med som funskjonærar i ein eller annan samanheng i løpet av helga. Vi snakkar om hundrevis og felles for dei alle, er at dei på ny er klare til å gjere alt for at dei mange som gjestar Stordal siste helga i juni skal få vere med på ein fantastisk folkefest! 

Ny deltakarrekord! Hugs at påmeldingsfristen går ut i dag!

Arrangørane melder at det no er heile 99 lag påmeldt til årets turnering og dermed ny rekord også når det gjeld antall lag! Om laget ditt enno ikkje er påmeldt må de vere om dykk. Det er nemleg i dag (fredag 15. juni) kl 23.59 at påmeldingsfristen går ut! Påmeldinga til Stordalscup skjer via cupassist   Her ser du alle dei påmeldte laga!

Med IDOL-Jenny også på plass no, ligg det an til å verte ei eventyrleg helg i Stordal!

Du finn sjølvsagt mykje meir om Stordalscup 2012 på arrangørane si eiga side!

I tillegg finn du meir om det som skal skje også i programmet for Barnas kommune sin Barnas Supersommar!  (minner m.a. om arrangementet "Barnas cupfredag", som verkeleg er ein flott start på folkefesten!)

Få med deg folkefesten du og!

 
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Langsætrane
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust