Fotograf: Yoon Young Chang
Det er tunge tak når granstrongane er lange og tjukke fotograf Yoon Young Chang
Fotograf: Yoon Young Chang
Er det dette som kallast overhengande fare? fotograf Yoon Young Chang
Fotograf: Yoon Young Chang
Ikkje lett å passere denne haugen som ligg tvers over råsa fotograf Yoon Young Chang

Tiandeklasse ryddar etter Dagmar

10. klasse ved Stordal skule nytta tida etter at alle eksamenar var over til å gjere noko praktisk for sambygdingane sine. Turstien frå Øvrebust til Storheim er no nesten rydda etter at Dagmar raserte han i vinter.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2012

Kontaktlærar for klassa, Odd Einar Kalvø, melder at det var eit forferdeleg syn som møtte tiandeklassingane då dei torsdag 14. juni gjekk laus på rydding etter Dagmar. Turstien mellom Øvrebust og Storheim var ikkje farbar etter at sintedama som passerte i vinter hadde velta eit utal graner som låg i store vasar. Det var eit trist syn.

Men med pågangsmot og utprøving av krefter vart det etter kvart hol i granvasane som låg i råsa. Etter at trea var felte og oppkutta, gjekk dei ivrige ungdomane i gong med å bere vekk. No er råsa nesten farbar. Berre noko smårydding står att frå Holt og framover. Men tida strekte ikkje til for å gjere arbeidet heilt ferdig. Den flinke dugnadsgjengen vonar difor at nokre ivrige friviljuge tek seg av resten.

Godt jobba!

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: 934 01 661

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Tidleg vinterstemning
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust