Programmet for folkefesten, som det Stordalscup i røynda er, er i seg sjølv så omfattande at ein her ikkje skal gje seg i kast med å gjengi dette. Sjå difor programmet i si heilheit, vedlagt. Her er noko for ein kvar smak, uansett om ein bryr seg om fotball, eller ei.
Likevel kan vi heller ikkje her unngå å trekkje ekstra fram at vår eiga IDOL-stjerne, Jenny Langlo kjem!
Når arrangørane no også kan melde at englandsproffen Jonathan Parr kjem, vert dette ikkje mindre imponerande. Det er sjølvsagt stor stas at vi får høve til å helse på Jonathan Parr att. Han vart nyleg kåra til årets spelar i London-klubben, Crystal Palace. Eitt av høgdepunkta denne sesongen var sigeren over Manchester United på sjølvaste Old Trafford, i FA-cupen! Det er heller ikkje til å legge skjul på at Jonathan har ei ekstra stor stjerne hjå dei mange som har vore med på Stordalscup tidlegare. Både i cup-samanheng og elles, har han gleda oss med sitt nærvær. At han i høgste grad er ein stordalsven, kan du lese meir om i våre tidlegare reportasjar.
Alt tydar på at det vert tidenes cuphelg og folkefest frå fredag den 29. juni t.o.m. søndag den 1. juli! Om du ikkje har byrja å gle deg enno, er det på høg tid no. At du har ringa rundt desse datoane for lengst, ser vi på som sjølvsagt.
Fyl med på Stordalscup si heimeside og facebookside, for å få med deg dei aller siste oppdateringane på alt som skal skje!
VELKOMEN TIL FOLKEFEST!