Midt opp i alle førebuingane til folkefesten komande helg, og alt det som elles skjer, kjem også sjølvaste jonsokaftan! Dei siste åra har det vorte ein fin tradisjon å samlast ved badeplassen for å hygge seg saman der.
Dette er også kvelden då sommarprogrammet i Kyrkjehola Kulturbeite opnar, med flott konsert i Rosekyrkja.
Men både før og etter arrangementet i Rosekyrkja, er det ein heil del på programmet ved badeplassen. Først på kvelden er det Barnas kommune, som har regien og det heile startar med fantetog frå sentrum og til hamna kl 16.30. Her er det berre å kle seg ut for små og store, og bli med på feiringa! Det vil bli både underhaldning og ”Allsong i hamna”, og muligheiter for å grille. Hugs å ta med grillmat! Stolar og bord er det også fint om de tek med sjølve. (sjå plakat nedst på sida)
Seinare på kvelden vert det levande musikk frå utescena. Det skjer mykje nytt innan musikk- og kulturlivet i Stordal for tida, og den nyoppussa musikkverkstaden har vore nytta flittig dei siste vekene. Noko av resultatet av dette, vil vi få sjå og høyre når det frå klokka 22.00 vil vere levande musikk i hamna. Det er dei to banda ”PM ” Dansebandfolket” og ”Sindre and the Midtbusters” som vil underhalde utover kvelden. Desse musikantane håper at dette skal bli ei kjekk avrunding på midtsommar-kvelden, og kanskje kan det verte ein tradisjon med levande musikk når vi skal feire midtsommar i åra framover!
Her kan du sjå reportasje frå jonsokafta 2010
Reportasje frå jonsokafta 2009
Reportasje frå jonsokafta 2007