Sist veke starta Gunvor Kjersem Hildre opp Hip Hop-kurset sitt og vi registrerer særs god interesse frå born og unge. Bandseminaret til Åge Staurset og Robin Aasen er også i gong! Vi gler oss alt til å få oppleve dei alle saman på scena i samband med Stordalscup!
Etter planen skulle også songseminaret til Maria Holand Tøsse starte opp sist veke, men ho vart dessverre innlagt på sjukehus for blindtarmoperasjon. Maria er no heldigvis på betringens veg og melder at songseminaret går etter programmet frå førstkomande måndag av. Dei mange som skal vere med, også på dette, skal møte i Stordalshallen, der scena står klar!
Vi stakk innom Hip Hop-kurset første kvelden og registrerte at det var over 40 born og unge med. Det var elles liten tvil i at deltakarane syntest det var stor stas å vere med.
..og i morgon kveld vert det mykje kjekt å oppleve ved badeplassen/småbåthamna og sjølvsagt i Rosekyrkja!