Fotograf: Hallgeir Hove
Petter og borna klare for fantetog! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stas å gå i fantetog! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Små og store kosa seg ved badeplassen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Publikum i ferd med å benke seg framfor scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klikken i aksjon på utescena fotograf Hallgeir Hove

Jonsokfeiring i nydeleg ver!

Sjeldant godt ver danna ei flott rame kring jonsokfeiringa i Stordal. Små og store kosa seg med fantetog, grilling, bading, allsong, underhaldning frå utescena og anna kjekt.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.06.2012

Feiringa starta med fantetog frå sentrum og det var Petter Moen Nilsen som tok hand om å få borna på geledd og klare til avmarsj mot badeplassen. I fantetoget var det mange flotte kostymar å sjå. Her var det alt frå skumle krokodillar og hekser, til vakre prinsesser og fear. 

Ved badeplassen stod grillane klare til bruk og den flotte utescena var på plass og ferdig rigga med lydanlegg. Claus Hoff ynskte alle velkomen og etterkvart vart det både allsang og underhaldning frå scena. Mellom anna fekk vi oppleve den dyktige rap-gruppa Klikken, som tidlegare i år deltok på fylkesmønstringa av UKM. Stas var det også når alle borna fekk kome opp på scena! 

Når temperaturen låg på rundt 20 grader og sola steikte, var det sjølvsagt fleire som nytta høve til å bade. Bålet borte ved elva vart tent utpå kvelden og skikkeleg triveleg var det.

På programmet denne kvelden, stod også opningskonserten i Kyrkjehola Kulturbeite. (Sjå eigen reportasje) Etter konserten i Rosekyrkja, held underhaldninga på utescena ved badeplassen fram, der fleire lokale band sytte for dansemusikken. Kjekt! 

Vi har tidlegare peika på at mange var vekke denne helga. Fleire av våre alpinistar og langrennsløparar var på skisamling og Storfjordgruppa, som stod bak musikalsuksessen We Will Rock You, var i London. I tillegg var det også bryllup i Stordalshallen. Likevel var det god oppslutning både kring Barnas kommune sitt arrangement og dansetilstellinga seinare på kvelden.   

Sjå nokre bilder til frå den kjekke jonsokfeiringa her.

Heile programmet for Barnas Supersommar finn du her.

No er det berre fire dagar att til Folkefesten!

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Utsikt frå Mohornet
Tora Moe
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust