Det vart ein minnerik og flott kveld for dei vel 100 frammøtte i Rosekyrkja sist laurdag. Det heile starta med overekkjing av Stordal kommune sin kulturpris for 2011. Ordførar Charles Tøsse peika på at stad og tidspunkt for utdelinga passa særs godt, i og med at det var Odd Johan Overøye som skulle motta prisen. Det var ikkje vanskeleg å finne gode argument for at nettopp Overøye fortjente denne prisen og ordføraren kom m.a. inn på den sentrale rolla Overøye har hatt i høve til etableringa og utviklinga av Kyrkjehola Kulturbeite. Tøsse trekte også fram fleire andre prosjekt som Overøye har stått bak, knytt til musikklivet i Stordal.
Etter at Overøye hadde teke imot diplom, sjekk og blomster, nytta han høve til å takke. Han var snar med å trekkje fram dei andre dugande personane som står bak Kyrkjehola Kulturbeite og slo fast at det ikkje hadde vore mulig å realisere prosjektet utan dei. Overøye var også inne på at han var imponert over alt det som skjedde innan kulturlivet i Stordal kommune og at han hadde lagt godt merke til at kommunen kan vise til både stor breidde og toppresultat innan fleire ulike delar av kulturlivet.
Etter kulturprisutdelinga gjekk ordet til Eva Vinje Aurdal, som fekk æra av å stå for den offisielle opninga av Kyrkjehola Kulturbeite 2012. Som dei fleste veit er ho utflytta stordaling og sit i bystyret i Ålesund og elles også aktiv som fylkespolitikar for Arbeiderpartiet. I sin opningstale rosa ho Kyrkjehola Kulturbeite for det dei har klart å få til. I og med at dette også var ein støttekonsert for 22. juli-fondet, via ho også måten eit samla Noreg har handtert desse tragiske hendingane på, mykje merksemd. Etter terrorhandlingane sist sommar, var det Kronprins Haakon som peika på at gatene var fyllt av kjærleik, då folk strøymde ut i gatene både i Oslo og elles i landet. Eva Vinje Aurdal sa det på sin måte på jonsokafta, då ho slo fast at "i kveld er Rosekyrkja fyllt med kjærleik!"
Så var det altså klart for dei talentfulle ungdomane, som kvar på sin måte bidrog til at dette vart ei særs stor oppleving. Ikkje berre var dette framføringar av ypperste klasse, men i tillegg var det rørande vakkert. Ja, eigentleg var det nesten slik ein skulle ynskt at dette kunne kome heile det norske fjernsynspublikummet til del. Opningskonserten vart nemleg også ein flott måte å få vist medkjensle overfor dei mange som vart direkte råka av tragediane den 22. juli i fjor.
Etter det vi har fått opplyst, kom det inn i overkant av kr 14.000 i høve konserten. Pengane går uavkorta til 22. juli-fondet.
Stor takk til dei mange dugande ungdomane som deltok, under musikalsk leiing av Odd Johan Overøye, og sjølvsagt stor takk også til alle dei andre som var bidrog. Det er godt også å kunne overbringe denne takka, på vegne av pårørande på plass i Rosekyrkja, som verkeleg var fyllt av kjærleik denne kvelden!
Les gjerne også vår førehandsreportasje.
Sjå gjerne også fleire bilder frå konserten.
På Kyrkjehola Kulturbeite si flotte heimeside, kan du lese meir om alle dei som var med og ikkje minst få med deg heile sommarprogrammet. Det er nemleg mykje meir å gle seg til!