Då har vi gleda av å presentere endå eit nytt magasin frå Barnas kommune! Som vanleg er det mange reportasjar om barn og unge frå Stordal. Du finn pdf-utgåva av det flotte magasinet her.
Barnas kommune skal ha eigen stand på Stordalscup i helga, og der vil den rykande ferske papirutgåva vere tilgjengeleg for publikum! På standen vil det vere teiknekonkurranse for barn, og muligheit for å kome med gode idear til Barnas kommune i eigen forslagskasse! Magasinet vil bli levert til alle husstandar i Stordal kommune måndag 2. juli. Magasinet vil også bli sendt ut til utflytta stordalingar. Skulle det likevel vere nokon som ikkje mottek magasinet i posten, er det fint om de tek kontakt med servicekontoret på tlf 70 27 91 00.Meir om Barnas kommune og alle dei sju magasina utgitt til no, finn du i eigen reportasje.
Les gjerne også meir om alt som skjer under Barnas Supersommar 2012!