Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
IDOL-Jenny fyllte Stordalshallen med folk og var verkeleg eit populært innslag under Stordalscup 2012 fotograf Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
Fotograf: Hallgeir Hove
Folkefesten starta med karnevalstog fredagskvelden. Her ser vi tre av dei som var med på toget som fleire hevda faktisk var lengre enn det på 17. mai! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
På laurdagen vitja Aafk-spelarane Fredrik Ulvestad (bildet) og Ygg, Stordalscup. Her er dei med på kampen mellom Norborg og Stordal. Stor stas! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Veronica Hjelseth, Sunnmørsposten
Landslagsspelar Jonathan Parr, ein populær kar under Stordalscup 2012! fotograf Veronica Hjelseth, Sunnmørsposten
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne gjengen hadde teke turen heilt frå Lillestrøm for å vere med på Stordalscup og truleg er dei på plass att til neste år fotograf Hallgeir Hove

Tidenes folkefest!

Stordalssamfunnet har denne helga vore vertskap for tusenvis av gjestar frå fjern og nær, i samband med Stordalscup 2012 og arrangement i regi av Barnas kommune. Sjølv om desse arrangementa også tidlegare har hausta mange lovord, har tilbakemeldingane truleg aldri vore betre enn denne gongen.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.07.2012

Det er eigentleg umogleg å skulle lage reportasje som dekkjer alt det som både små og store fekk ta del i denne helga, men ein ting er sikkert: Stordal har på ny fått stadfesta at vi er dugnadskommune nr 1. Heile helga har hundrevis av små og store stått på og i fellesskap bidratt til det som ein med rette kan kalle tidenes folkefest! 

Årets arrangement hadde rekordstor deltaking på fotballturneringa med heile 102 lag. Det betyr i røynda at det var over 1 000 barn og unge i aksjon ute på kunstgraset. I tillegg er det ikkje til å legge skjul på at det vart særs godt motteke at ein denne gongen kunne by på konsert med IDOL-Jenny på søndagen. Når ho stod på scena i Stordalshallen, er det nok rett å hevde at det ikkje ville vore plass til ein einaste person ekstra inne i idrettshallen. I tillegg til Jenny, var også englandsproff Jonathan Parr på plass heile helga og også Aafk-spelarane Fredrik Ulvestad og Ygg, vitja Stordalscup på laurdagen. Ikkje vanskeleg å registrere kor populært det var å få møte dei, alle saman.

Barnas cupfredag

Det heile starta opp på fredagskvelden med karnevalstog frå sentrum og til stadion. Med Stordal Hornmusikklag i front og med ordførar Charles Tøsse i si Supermann-drakt og cup-general, Bjørg Jacobsen, i kledeleg ku-kostyme (á la Barnas kommune), marsjerte det rekordlange toget oppover bygda. Her var det mange artige kostymar å sjå og veldig kjekt å registrere at langvegsfarande gjestar frå både Holmlia og Lillestrøm, var med i toget. Og sjølvsagt var Jonathan Parr også på plass.

Når toget var vel framme ved stadion, vanka det is til alle barna og naturlegvis var det ordføraren som stod for utdelinga. Etter dette starta så underhaldninga frå utescena opp og lat det vere sagt med ein gong, det vi fekk derifrå var eineståande bra. Det eine flotte innslaget avløyste det andre og i løpet av kvelden fekk vi oppleve både song, dans og fleire band.

Dette var elles også kvelden då vi på ny fekk oppleve det unge og særs lovande A-laget til Stordal. Dei slo til med storsiger mot gjestane frå Fosnavåg og for anledningen kunne dei også by på ein litt ekstra artig innmarsj, der alle spelarane var ikledd sydvest (både Storm og Yr, hadde nemleg varsla store nedbørsmengder til denne helga, utan å vere klar over at det alltid er godver, når det er Stordalscup!)

Både i pausen, og etter kampen, held underhaldninga frå utescena fram og det var det dugnade bandet "Not For Sale" (m.a. kjent frå suksessmusikalen We Will Rock You), som fekk æra av å runde av med ein eigen ungdomskonsert der.

Det dei mange barna og ungdomane så flott synte fram på scena, var produktet av dei kursa og seminara Barnas kommune hadde køyrd i forkant av arrangementet. Det er verkeleg på sin plass å gje ros til ungdomane som hadde ansvaret for dette. Gunvor Kjersem Hildre tok hand om kursa i HIP HOP-dans. Adrian Hoff og Åge Staurset hadde ansvaret for dei mange som ville delta på bandseminar og når det skulle vise seg at Maria H Tøsse dessverre vart sjuk, var det ekstra godt å ha Hildegunn G Ulvestad til å ta hand om dei rekordmange som ville vere med på songseminaret. Det er eineståande kjekt å registrere den store oppslutninga og ikkje minst at det er så mange unge som syner slik stor interesse for å vere med på å legge til rette. Sjølv om det sikkert er lett for at nokon vert uteleten, er det på sin plass også å trekkje fram Robin Aasen, som heile helga var med og sytte for at dei som stod på scena hadde perfekte tilhøve, inkludert konserten til Jenny på søndagen.     

I Nilsgardstunet, etter at arrangementet ved stadion var ferdig, fekk vi oppleve desse talentfulle ungdomane i aksjon sjølve på scena og både dei og dei andre som var i aksjon der, imponerte stort.  

Andre dag

Frå tidleg morgonen på laurdag, starta kampane opp på mange baner og kampavviklinga gjekk særs knirkefritt. Dei mange dommarane som var i aksjon gjorde framifrå jobb og ute på banene var det mykje flott spel å sjå og ikkje minst; det såg ut til at alle saman hadde det veldig kjekt. Engasjementet også frå sidelinja var stort, der kvar av kampane hadde mykje publikum. Dei yngste laga fekk spele minst tre kampar kvar på 2 x 12 minutt, medan dei litt eldre laga (sjuar) spela 1 x 30 minutt. Dei eldste laga (t.o.m) 16 år var inndelt i puljer, slik ein til slutt kunne avvikle finalespel (søndagen). Det var tydeleg at også det engasjerte.

Til liks med dei siste åra, var det særs mykje anna som skjedde i tillegg til kampane. I Stordalshallen var loppemarkedet godt besøkt, der heile grendasalen var stapp full av spanande tilbod til ein billeg penge. Ja faktisk var det så mykje med lopper at ein vart nøydd til å ta i bruk delar av idrettshallen for å plass til dei alle. Der inne var også stor scene rigga opp og med jamne mellomrom fekk vi oppleve endå meir frå dei mange unge og lovande scenetalenta i Stordal.

Langsmed alle veggar var det ei rad verksemder som hadde stand og dei kunne m.a. lokke med gode cup-tilbod. For den som hadde lyst, kunne ein også verte ansiktsmala. Også Barnas kommune hadde stand denne gongen og der var det laga til slik at den som stoppa opp der kunne få med seg ein bildekavalkande av mykje av det born og unge her hjå oss held på med. I tillegg var det eiga postkasse der alle som ville det kunne fylle ut eigne skjema og dermed kome med forslag til kva som kan gjerast for at Barnas kommune skal verte ein endå betre stad, for nettopp barn og unge. 

Det store kakebordet frista også mange og det var ikkje få kaker som gjekk med i løpet av helga. For den som valgte å slappe av i sofakroken i foajeen, kunne ein på flatskjermen der, få med seg ein presentasjon av ein del av alt det som har skjedd av flotte arrangement o.l. i Stordalshallen det siste året. 

Utanfor Stordalshallen var det også mange som hadde rigga opp standane sine og det såg ut til at slaget gjekk rett så bra. Det var iallefall mykje folk som vitja dei, alle saman. Til og med marka nedanfor hallen vart nytta til utstillingar og der kunne ein også helse nærare på nokre sauar i eiga lita innhegning. Rett utanfor hallen held også cup-sekretariatet til. Der var det også mange som nytta høve til å ta ut meir pengar, noko arrangørane sjølvsagt ikkje hadde noko imot.

Få, eller ingen, kan vise til betre grilla laks, enn det ein får på Stordalscup. Dette er sjølvsagt ei subjektiv vurdering, men like fullt; køene framfor grilltelta var lange heile dagen og i tillegg til laks kunne ein sjølvsagt også nyte både grillkotelett, grillmør, pølse og sjølvsagt med nydeleg potetasalat og grøntsalat til.  

Det har også blitt ein tradisjon at Stordalscup har ei flott fruktbod. Mange hugsar kanskje at Stordalscup, for nokre år sidan faktisk vann førstepremie i ein landsdekkjande konkurranse der nettopp det å tilby den mest innbydande fruktboda var målet. Boda var like innbydande og flott denne gongen og unge fotballjenter stod for salget derifrå, heile helga.

På store delar av grusbana, var det også i år rigga opp stort tivoli og same kva vi vaksne måtte meine, så er dette ein sikker vinnar blant dei små. Her var det mange gledeshyl og høg musikk å høyre, heile dagen lang og utover kvelden også for den del. Eit populært innslag.

På den delen av grusbana, som ikkje vart nytta til tivoli, var det også full aktivitet. Her fekk alle som ville prøve så mykje dei ville (og sjølvsagt utan at det kosta noko) både presisjonsskudd med fotball, ein kunne måle skuddstyrken sin med laser og ein kunne prøve seg på minigolf. Her var også premiering og det var ikkje få premiar som vart delt ut i løpet av helga. 

Vestnes Busekyttere har vore med på Stordalscup i ei årrekkje no og dei var på plass att også denne gongen. Dei stilte faktisk med 6-7 instruktørar kvar av dagane, slik at instruksjonen gjekk rett så effektivt. Med tanke på kor mykje folk som var innom også der, bidrog dette til at ein unngjekk kø. Det å få prøve bueskyting med skikkeleg utstyr var faktisk veldig stas og det er grunn til både å håpe og tru at det er endå fleire som har lyst til å starte opp med denne flotte idretten, etter dette. 

Når klokka nærma seg 14.00 byrja Geir Innselset hjå Busengdal Transport å rigge til den store kranbilen, slik at det skulle vere klart for bruskassestablingskonkurranse. Instruktørar frå klatreklubben tok hand om sikringa av dei som etterkvart for til vers og sjølv med litt vind var det mange som kom seg høgt opp i lufta. Det var mange som ville prøve denne spanande aktiviteten og då spesielt var det mange blant dei aller yngste som deltok. 

Utedans høyrer med, når det er Stordalscup og denne gongen var det Cozy som stod for musikken. Sjølv om laurdagen bydde på litt meir gråver enn det som er vanleg under Stordalscup, var det nok likevel ein stad mellom sju- og åtte hundre på plass. Det store teltet som alltid er på plass i samband med Stordalscup bidreg nok til at folk ikkje kvir seg på å kome, sjølv om veret ikkje er det aller beste. Men veret var ikkje værre enn at det fint let seg gjere å site ute og sjølvsagt ta seg ein svingom for dei mange som ville det.   

Tredje dag 

Dette var dagen mange hadde gledd seg ekstra til, i og med at det på førehand var annonsert at IDOL-Jenny skulle halde konsert i Stordalshallen. Jenny entra scena like etter kl 14.00. Ho mottok stor applaus frå ein fullsett idrettshall, då ho etter opningsnummeret sitt nytta høve til igjen å takke for den enorme støtta ho hadde fått. Ho la heller ikkje skjul på at ho syntest det var ekstra stor stas og sjølvsagt ekstra spesielt å stå på scena i samband med Stordalscup denne gongen. Det er nemleg ikkje få gongar ho har stått på scena og gleda oss, anten det no har vore i forbindelse med Stordalscup, lokalmønstring av UKM, interkommunale ungdomstreff, StordalsTRØKK, skulekorps- og hornmusikkonsertar eller anna. Liten tvil i at både arrangørane og publikum sette ekstra stor pris på at Jenny tok seg tid til kome til Stordalscup og glede så mange! Etter at ho var ferdig på scena var det sjølvsagt veldig mange som ville sikre seg autograf, noko Jenny som vanleg velvillig stilte opp til. Les gjerne meir om både då Jenny vart heidra då ho kom heim like før jul, om den store IDOL-festen i Nilsgardstunet og meire til, i våre tidlegare reportasjar.

Eigen førehandsreportasje på Sunnmørsposten si nettside kan du også lese.

Ein annan heidersgjest vi fekk høyre meir frå på cup-søndagen, var englandsproff og landslaget sin Jonathan Parr. Ordførar Charles Tøsse tok hand om intervjurolla og dermed fekk vi høyre meir både om korleis profflivet i Crystal Palace arta seg og mykje meir. Det høyrer med å nemne, også her, at godeste Jonathan vart kåra til årets spelar i London-klubben. Jonathan var elles ivrig oppteken med å coache, både broder Benjamin og dei andre dyktige spelarane til Holmlia, der faren Roger er trenar. At Jonathan føler sterke band til nettopp Stordal, er det liten tvil om. Våre tidlegare reportasjar stadfestar dette og det skal ikkje vere det minste tvil i at vi set umåteleg stor pris på dette.

Søndagen hadde vi også gleda av å få besøk av to av Aafk sine stjerner, nemleg Fredrik Ulvestad og Ygg. For jentene på Stordal og Norborg sine J 11-lag var det ekstra stas, når desse to var med på kvart sitt lag i delar av kampen deira og sjølvsagt også stor stas å vere med på lagbilde saman med dei. Kjekt var det også for dei som fekk oppleve at det var Aafk-spelarane som tok hand om overrekkjing av diplom og pokal. Aafk-spelarar har i ei årrekkje vitja dette arrangementet, noko som alltid er like populært.

Eit av dei mange laga i aksjon på søndagen, var den hyggelege gjengen frå Lillestrøm FK. Dei stilte med lag i den yngste årsklassa og både spelarar, trenarar, støtteapparat og foreldre kunne fortelje at dei hadde storkosa seg under opphaldet her. Dei var klare på at hit ville dei, også til neste år. Slikt er sjølvsagt veldig kjekt å høyre!

Truleg gjeld dette mange fleire av laga også. I allefall vert det rapportert om berre lovord og at både spelarar og alle andre har hatt ei super helg. Kampavviklinga gjekk like flott føre seg som dagen før, og etterkvart som laga var ferdige med sin kampar, fekk dei sine velfortente pokalar og diplomar. Dei eldste laga, som hadde spela anten serie eller finalar, fekk i tillegg store pokalar for innsatsen sin. For fleire detaljar, som resultat o.l. viser ein til Stordalscup si eiga heimeside. Der vil ein også kunne lese meir det store cup-lotteriet og

I tillegg til dei mange kampane og dei flotte møta med Jenny, Jonathan og Aafk-spelarane, hadde søndagen like mykje flott å by på som dagen før. Fleire unge var i aksjon på scena i Stordalshallen og etterkvart som det nærma seg slutten av dagen vart det også posesalg på loppemarkedet. Her kunne ein fylle posane til randen for ein særs billig penge.

Store markar både framanfor, og like nedanfor skulen, måtte takast i bruk for å få parkeringsplass til dei mange bilane. Etterkvart som desse var i ferd med å tømmast for bilar og gjestane vende heim, var det tid for opprydding. Det er ikkje lite som skal riggast ned og fraktast vekk, etter eit slikt kjempearrangement. Noko av det som også er så imponerande med Stordalscup er den imponerande viljen til å stille på, heilt til siste slutt. Sjølv om mange naturlegvis merka at dei hadde støtt på i timesvis kvar dag, gjekk oppryddinga som vanleg veldig effektivt og greit føre seg. Det myldra av folk både inni og utanfor Stordalshallen, på stadionområdet og området elles. Dermed var heile oppryddinga unnagjort på om lag to timar og alle kunne vende heim, vel vitande om at nok ein fantastisk folkefest var vel i hamn!   

Då er forsøket på å skildre ein del av alt det Stordalscup 2012 inneheldt, ferdig. Det er heilt sikkert meir som burde vore nemnt og fleire som burde vore trekt fram, men uansett er det på sin plass å gratulere alle som på ein eller annan måte var delaktig i arrangementet, heilt frå cupgeneral Bjørg Jacobsen i spissen for cup-leiinga, til dei hundrevis av friviljuge, og sist men ikkje minst dei tusenvis som vitja oss, anten det no var for å spele fotball eller anna.

Hipp, hurra for Stordalscup og Barnas kommune! 

Du vil med det aller første finne eigne bildegalleri frå folkefesten på Stordalshallen si heimeside. Du vil vidare finne bildegalleri, både på Stordalscup og på Barnas kommune sine facebook-sider og truleg også endå fleire stadar.  

Alt no kan vi vise til fotballgruppa si nettside, som har flotte reportasjar og bilder.

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Vidhammer 1
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust