Stadig aukande interesse!

Når vi no er i ferd med å legge sommaren bak oss og går mot haust, kan vi konstatere at interessa for å legge samlingar hit til Stordalshallen er særs stor. Den store arrangementsaktiviteten held fram og sjølvsagt slår vi fast at også interessa for å vere samarbeidspartnar med oss er stadig like stor. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.08.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Alpin si suverene kretssamling sist haust, eit flott døme på alt det som skjer i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Det seier ikkje så reint lite om interessa, når vi kan melde dette. Dei siste åra har nemleg vore eineståande kva gjeld aktivitet, besøk og arrangement. Når all ledig reklameskiltplass på veggane i Stordalshallen har vore fyllt opp sidan sommaren 2009, seier dette også det meste.

Frå midten av august og utover, vil Stordalshallen ta imot handballspelarar frå Langevåg, Skodje skulekorps, Hessa skulekorps, samt handballspelarar frå Aksla/Rollon. I tillegg er det på ny klart for stor kretssamling i alpint frå 24. t.o.m 26. august. Vidare går invitasjonen til langrennsgruppa si kretssamling (med Stordalshallen som base) ut i desse dagar. (Stordalshelga i langrenn går denne gongen av stabelen frå 5. t.o.m 7. oktober)

Ein finn sjølvsagt reportasjar frå dei mange flotte samlingane som er avvikla i Stordalshallen i vårt reportasjearkiv. Her kan du gå direkte til reportasjen frå alpinsamlinga sist haust og i denne finn du også lenker til mange andre reportasjar (og sjølvsagt mange bilder!) frå liknande samlingar. Vi har også eige videogalleri, der ein kan få eit bra inntrykk av kor flotte desse samlingane er.

Den store pågongen utanfrå gjer at vi er komen i den situasjonen at vi ikkje får plass til alle dei som ynskjer å besøke oss. Vi oppmodar difor alle om å vere tidleg ute med å ta kontakt, dersom ein er låst til bestemte dagar og tidspunkt for samlingane sine. Det er framleis nokre få ledige helgar i perioden fram til jul, men mange er det ikkje.

Vi ser sjølvsagt også fram til ein ny haust med ei rad arrangement i Stordalshallen. Her kan vi kjapt nemne at det vert fleire flotte konsertar i regi av Stordal Hornmusikklag, det vert StordalsTRØKK og vi registrerer også at fotballgruppa også denne gongen har fått tildelt KM-arrangement i Futsal.

Alle som har planar om anten å besøkje oss eller å nytte Stordalshallen til arrangement av ulikt slag, bør difor ikkje vente med å ta kontakt.

Med det første vil vi også ta fatt på å fordele dei faste trenings- og øvingstidene i Stordalshallen og då er det ikkje vanskeleg å skjøne at alt ligg til rette for ein ny haust fullspekka med aktivitetar av ulikt slag i storstova vår.

Vi gler oss!

 
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Det livnar på Kirkebø Stadion
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust