Denne veka køyrer Placement AS eit tre dagars seminar for nederlendarar og beligiarar som vurderer å flytte hit og starte opp eigne foretak. Tysdag var NRK Møre og Romsdal på plass og laga reportasje.
Det er rekrutteringsselskapet Placement AS med hovudkontor nettopp her i Stordal, som står bak seminara. I løpet av onsdag og torsdag, vert desse opplegga også gjennomført i Stranda og Norddal kommune.
Sjå NRK-reportasjen frå tysdagens seminar her i Stordal.
Les meir om opplegget på Placement AS si nettside.
Sjå gjerne også vår reportasje frå mai i år, der vi også hadde fokus på den store interessa for å flytte hit. Også den gongen var det med utgangspunkt i flott NRK-reportasje der Placement AS sitt arbeid fekk mykje omtale.