Stor oppleving å få delta på UKM - Festivalen 2012

Landsmønstringa av UKM vart avvikla i Trondheim, 23. - 25. juni og også denne gongen med deltaking frå Stordal kommune. Virusha Naguleswaran framførte sitt flotte innslag med indisk dans og ikkje uventa opplevde ho enorm respons frå publikum.    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.08.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Virusha på scena under lokalmønstringa i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Virusha kan vidare fortelje at UKM - Festivalen var ei stor oppleving. I tillegg til dei to framføringane ho var med på, fekk ho og søster Sivanja med seg ein heil del av alt det andre desse festivalane har å by på. Sivanja, som faktisk hadde vore med på Landsfinalen året i førevegen, var til god hjelp og støtte. 

Vi har tidlegare skrive mykje om både dei to dugande dansarane våre, om tidlegare landsfinaledeltakarar og om flotte lokalmønstringar her. Nedanfor finn du lenke som fører deg vidare til mange av desse reportasjane:

Virusha til Landsfinalen! 

Der har vi sjølvsagt også peika på at Stordal (som altså er den minste kommunen i Møre og Romsdal) i løpet av dei sju siste åra faktisk har hatt deltakarar med på Landsfinalen heile fem gongar!

Vi nyttar høve til å gratulere Virusha med sin strålande innsats under UKM - Festivalen 2012 og ynskjer ho lukke til vidare med dansinga si!

Sjå Virusha i aksjon på scena under UKM - Festivalen 2012 her 

Sjå gjerne også eigen reportasje om Virusha og Sivanja i siste utgåve av Barnas kommune sitt magasin.

 
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Solnedgang over Fausa 1
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust