Kyrkjehola Kulturbeite avrundar med flotte arrangement denne helga

I morgon vert det Flamenco, barneforestilling og danseworkshop i Nilsgardstunet, medan det på søndag er klart for flott avslutningskonsert i Rosekyrkja med kammermusikk i verdsklasse! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.08.2012
Logo - Kyrkjehola Kulturbeite
Logo - Kyrkjehola Kulturbeite

I morgon (laurdag) startar det heile med FlamenCompaniet si forestilling, kalla "Eventyret om Ragna Rappfot".

Lille Ragna har ikkje så mange venner, for ingen andre i bygda likar å trampe og danse. Men ein dag får ho reise ut i verda - og ein god fe fører henne til eit heilt folk av menneske som likar å trampe når dei dansar! På vegen møter ho både sjørøvarar og olme oksar. Men feen har gjort Ragna om til ein gutt, og det oppstår raskt forviklingar når ho møter ein varmblodig spansk señorita.

Stad: Nilsgardstunet

Tidspunkt: kl 15.00

Passar for barn frå 3 år og oppover.

OBS: Etter forestillinga blir det danseworkshop der barn i alle aldrar kan få prøve ut sine første flamenco-trinn til live musikk!

Arrangørane melder elles at det er berre å møte fram, også for dei som eventuelt ikkje har meldt seg på på førehand. Både barneforestillinga og danseworkshop´n er gratis! 


Kulturbeitet ynskjer også velkomen til FlamenCompaniet si danseforestillinga for voksne, same plass, kl 21.00.

FlamenCompaniet består av dansarar og musikarar frå Trondheim som kombinerer spansk flamencomusikk og dans med norske tekstar og fortellingar. Eventyret om Ragna Rappfot er aldeles nyprodusert for kompaniet av Gunn Mogseth Skrove.

Dans: Hilde "Ragna" Handegard, Evelyne "Carmensita" Gildemyn
Gitar: Martin Högberg og Trond Folstad
Sang/forteller: Gunn Mogseth Skrove
Sang: Lena Sylvia Hanssen
www.facebook.com/flamencompaniet

Til liks med barneforestillinga, kan ein også her møte fram, om ein ikkje rekk å melde seg på i forkant.

På søndag er det så klart for avslutningskonsert i Rosekyrkja.

Då kan du oppleve kammermusikk i verdsklasse, når søstrene Henninge og Elise Båtnes kjem for å halde konsert der. Denne konserten startar kl 14.00.

Arrangørane melder at det framleis er ledige plassar til konserten og at påmeldingsfristen går ut dagen før. Om du ikkje rekk å melde deg på innan fristen, kan det framleis vere mulig å få plass. (men då kan det kanskje vere lurt å ta kontakt pr tlf på førehand)  

På Kyrkjehola Kulturbeite si heimeside finn du mykje meir om både arrangementa denne helga og anna.  Der finn du sjølvsagt også info om påmelding!

Du bør også kjenne til at Kyrkjehola Kulturbeite har eiga facebookside!

Få m.a. med deg meir om den enormt positive responsen på årets sommarprogram, der!

 
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Løsetsætra 1
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust