Stordal sine lag på Norway Cup gjorde solid innsats og leverte tidenes beste resultat. Vi har tidlegare også peika på at A-laget gjer sine saker bra og før haustsesongen startar, står dei utan tap og leiar med heile 5 poeng!
Fotballgruppa i Stordal IL er verkeleg i støtet om dagen. Både A-laget og dei aldersbestemte laga gjer det særs godt. Både vårsesongen, prestasjonane under Stordalscup og dei sterke resultata under Norway Cup stadfestar dette.
Det er også verdt å legg merke til at Stordal ser ut til å behalde possisjonen, der også spelarar frå andre klubbar ynskjer seg nettopp hit. Dette lovar godt også for tida framover!
Les meir om både J 16 og G 16 sin flotte innsats på fotballgruppa si heimeside.
Les også meir om A-laget sine kampar på sida til fotballgruppa. Her kan du sjå tabellen, som viser at karane leiar klart etter den gode vårsesongen.
Det er all grunn til å gle seg til ein flott haust med mange spanande oppgjer på Kirkebø stadion!