Dei driftuge idrettslaga har også tidlegare hatt eit godt samarbeid innan friidrett, m.a. i form av dei faste friidrettscupane. No går dei altså saman om å arrangere eit større stemne, der deltakarane kan vere med på fyljande øvingar:
- Lengde
- Kast liten ball
- 60 meter
- 400m / 800 m
Det er altså på Kirkebø stadion i Stordal, søndag 19. august, det skjer og då med oppstart kl 16.00.
Påmelding til meivg@online.no innan fredag 17. august kl 24.00.
Startkontingent kr 30,-.
Det vil også vere høve til påmelding frå 15.00 – 15.30 på stemnedagen, men då mot ekstra avgift på kr 20,-.
Det vert full premiering og i tillegg uttrekkspremiar sponsa av Sparebanken Møre og Ørskog Sparebank.
Arrangørane melder også at det vert kiosksal.
Les gjerne våre tidlegare reportasjar om dei flotte friidrettsarrangementa på Kirkebø stadion!