Stordal sogelag arrangerer Langsæterdagane førstkomande helg. Laurdag den 18. august er det på Kvitlane-stølen det heile skjer med eit rikhaldig program, medan det dagen etter er klart for friluftsgudsteneste m.m. på Pusken-stølen.
Langsæterdagane er verkeleg verdt å få med seg, noko responsen desse arrangementa har fått tidlegare år, stadfestar.
Sjå vår tidlegare førehandsreportasje for meir om kva du kan oppleve på sætrane denne helga.
Les meir om arrangementet på Stordalsportalen.