Fakta om Stordal

 
  Innbyggarane i Stordal leverte i 2005 598 kg hushaldningsavfall pr. innbyggar. For heile landet er talet på 407 kg pr. innbyggar.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Næring og miljø

Møbel har i lang tid vore Stordal kommune sitt varemerke. Møbelverksemdene i Stordal har tradisjonar tilbake til 1930-åra. Dei små kjellarverksemdene som blei starta opp av ein eller to personar, har fram til i dag utvikla seg til moderne industriverksemder og representerer i dag hovudnæringa- og den næringa som gir størst sysselsetjing i kommunen.

Også landbruket har stått sterkt i Stordal med hovudvekt på mjølkeproduksjon, men også med eit ikkje ubetydeleg innslag av småfe.
Sjølv om rammevilkåra for landbruket generelt har vorte sterkt forringa dei siste åra, og som har medført sterk reduksjon i antal drevne gardsbruk, vert det satsa både innan det tradisjonelt landbruk og ikkje minst innan dei ”nye” landbruksrelaterte næringane som turisme/reiseliv/gardsmatproduksjon m.v.

Elles finn ein i Stordal kommune dei fleste servicetilbod som ein tradisjonelt finn- og forventar å finne i slike mindre bygdesamfunn.

Vidare er å merke at ein i Stordal finn ein ein av dei største maskinentrepenørane i regionen.

Gjennom oppretta næringsfond søkjer kommunen bidra/stimulere til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder, tufta i vedteken næringsplan.

Med sine store naturressursar både knytt til viktig kulturlandskap og ikkje minst knytt til uberørt natur, er Stordal kommune svært oppteken av sitt forvaltningsansvar - d.v.s. det å kunne ta vare på natur og miljø og samstundes sjå på desse ressursane/verdiane som viktige i næringssamanhang og som grunnlag for oppretthalding av busetnad.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS