Fakta om Stordal

 
  I 2004 var det 30 gardsbruk i drift i Stordal. I 2008 hadde dette talet minka til 25.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 16.02.2016
Dei ansatte tester uteområdets nyeste attraksjon

Stordal kommune har ein kommunal barnehage, Andershaugen barnehage.
Per 15.02.2016 har barnehagen tre avdelingar, og Stordal kommune har full barnehagedekning.

Publisert 12.06.2010
ZERO

Stordal skule er ansvarleg for grunnskuleopplæring for elevar frå 6 til 16 år og tilbyr også eit skulefritidstilbod for elevar frå 1. – 4. klasse.
Administrasjonen ved Stordal skule har også ansvaret musikk- og kulturskulen og for vaksenopplæringa i kommunen.
Meir informasjon om registrering av barn i skulepliktig alder, betalingssatsar for skulefritidsordninga, musikkskulen, vaksenopplæringa m.m., kan du få ved å vende deg til rektor v/Stordal skule tlf 70 27 91 71 eller til Servicekontoret tlf 70 27 91 00

Publisert 12.06.2010
dans1

Stordal kulturskule gir undervisning til barn og unge på ulike instrument og tilbyr opplæring innanfor ulike kulturuttrykk. Barn og unge i grunnskulealder er hovudmålgruppa.
Skulen har om lag 60 elevar i ulike former for opplæring og samarbeider elles med Stordal skulekorps om aspirantopplæring.
I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å kjøpe tenester frå kulturskular i andre kommunar.



Publisert 06.03.2014

Skulefritidsordninga ved Stordal skule er eit frivillig tilbod for barn i 1–4. klasse og for barn med særlege behov i 1–7. klasse.
I tillegg til tilsyn får barna her oppleve viktig sosial læring og dei får vere med på ulike kultur- og fritidsaktivitetar.

Publisert 12.06.2010

Alle som kjem til Norge etter 1. september 2005 må gjennomføre 300 timar norskopplæring. Opplæringa skal primært gjennomførast i kommunen der vedkomande bur. Personen har tre år på å gjennomføre dette. Da vil vedkomande kunne få busettingstillatelse og norsk statsborgarskap, dersom andre vilkår er oppfylte.
Dersom dei har behov for meir opplæring, kan dei få inntil 2 700 timar i tillegg. Norsk er viktig for å kunne forstå og bli forstått, for å få jobb, utdanning og for å kunne delta i samfunnet.

Publisert 12.06.2010

Stordal vaksenopplæring kan gi hjelp til:
* Grunnskuleopplæring for vaksne
* Vidaregåande opplæring for vaksne

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Utsikt frå Gregoshornet | Fotograf: Tora Åmodt Moe
Utsikt frå Gregoshornet1
Tora Åmodt Moe
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS