Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune hadde i 2008 ein netto folketilvekst på 22 personar. 11 av desse kom frå fødselsoverskot og 11 personar innvandra.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

NAV Storfjorden, Stordal /sosialtenester

Sosialtenesta i Stordal er no organisert ilag med NAV Storfjorden og held til i kommunehuset, 1.etg.

Postadresse: PB 93, 6259 Stordal
Besøksadresse: Kommunehuset, 6250 Stordal
Telefon: 55 55 33 33 (mandag – fredag kl 0800 – 1530)

Publikumsmottak: Tysdag og fredag kl 1000 – 1500.

NAV Storfjorden skal nå eit mangfald av brukarar som treng ulik grad av rettleiing og oppfølging. Vår innsats skal bidra til at arbeidsgivarar skaffar seg arbeidskraft og fleire skal få muligheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.


NAV er organisert slik at du kan løyse mange oppgåver sjølv. Frå eigen PC eller PC på NAV-kontoret kan du finne mykje informasjon på www.nav.no, mellom anna:

• Registrere deg som arbeidssøker
• Registrere og oppdatere din CV
• Søke etter ledige jobbar
• Logge deg på DittNAV
• Utføre pensjonsberekning
• Sende søknad på stønader heimla i folketrygda.
• Arbeidsgivarar med rekrutteringsbehov kan kontakte oss for kandidatliste eller registrere ledige stillingar på www.nav.no.
• NAV kan gi råd og rettleiing til verksemder som treng dette for å redusere sjukefråver og utstøyting frå arbeidslivet.

Stordal kommune har følgande tenester lagt til NAV:

Råd og rettleiing
Har du omfattande behov for bistand kan du kontakte oss for råd og rettleiing. Les meir om råd og rettleiing etter sosialtenestelova her.

Økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving

Har du gjeld og vanskar med å betale den? Har du problem med å disponere pengane slik at dei ikkje strekk til? Da er det viktig å søke hjelp i tide. Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe slik at du blir i stand til å styre økonomien sjølv. NAV har en egen gratis økonomirådstelefon som kan gi gode råd og bistand.

Vi anbefaler at du starter med å kontakte 800GJELD – i NAV (TLF 800 45353).

Treng du bistand utover den hjelpa du får her kan du kontakte NAV-kontoret.

Les meir om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving her.

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk stønad er ein del av samfunnet sitt sikkerhetsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphold. NAV skal ha særleg merksemd på barnefamiliar sine muligheiter for deltaking i samfunnet.

Alle har rett til å levere søknad og få si sak vurdert. NAV-kontoret vil gjere ei vurdering basert på din økonomiske, sosiale og helsemessige situasjon på eit individuelt grunnlag. Det er derfor viktig at søknaden er opplyst så godt som mogleg. Du må levere dokumentasjon på inntekter og utgifter og elles dokumentere andre forhold rundt din situasjon som kan ha innverknad på utfallet av søknaden. Søknadsskjema får du utdelt ved på NAV-kontoret. Les meir om økonomisk sosialhjelp her.

Kvalifiseringsprogram

Er du i yrkesaktiv alder med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og ingen eller svært begrensa ytingar til livsopphald kan du ha rett til deltaking i programmet. Søknadsskjema får du på NAV-kontoret. Du kan lese meir om kvalifiseringsprogrammet her.

Midlertidig bustad

NAV er forplikta til å finne midlertidig bustad til den som ikkje klarer det sjølv. Les meir om midlertidig bustad etter sosialtenestelova her.

Sosial NAV tilsett
Sosial NAV tilsett
NamnTelefonE-post
Wietske Middelveld55 55 33 33 E-mail
Publisert 20.12.2005

Startlån skal gå til personar som har vanskar med å etablere seg i eigen bustad og til vanskelegstilte som har behov for å kunne bli buande i bustaden.
Lånet skal kunne vere med å finansiere delar av bustaden.

Publisert 20.12.2005

Sosialkontoret er ein medhjelper i å finne rett hjelpeinstans og ein støttespelar i forhold til trygdekontor, arbeidskontor, helsevesen, psykiatri m.m.

Publisert 13.10.2008

RUStelefonen 08588 vert drive av Sosial- og helsedirektoratet i samarbeid med Rusmiddeletaten i Oslo kommune. Tenesta er landsdekkande, og telefonen er open mandag - søndag kl. 11.00 - 19.00.

Publisert 23.07.2010

Rådgjevingskontora for kriminalitetsofre (RKK) er eit gratis lågterskeltilbod til personar som har opplevd kriminalitet. Alle som har problem relatert til kriminalitet, også pårørande, kan kontakte rådgivingskontora.  Tilbodet er opent for alle, anten forholdet er politianmeldt eller ikkje. Rådgjevingskontora kan også kontaktast anonymt, dersom det er ønskeleg. 

Publisert 04.08.2010

Ei adopsjonssak startar i i kommunen som etter å ha motteke adopsjonssøknad set igang arbeidet med å utarbeide sosialrapport.

Publisert 20.10.2010

Parkeringskort for rørslehemma er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon. Det vil seie at du kan bevege deg berre på ei begrensa strekning og dermed ha trong for å nytte parkeringsplassar som er spesielt merka for rørslehemma.

Publisert 15.03.2011
på tur i fjøresteinane

Storfjorden barnevern har behov for beredskapsheimar, besøksheimar og fosterheimar i nærmiljøet.

Publisert 15.09.2011

Stordal kommune er med i eit interkommalt samarbeid innan Barnevern.  Det er etablert ei felles teneste for kommunane Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje, som har namnet:

Storfjorden barnevern og held  i Skodje Rådhus, men vil vere tilstades i alle kommunane når det er behov for det.

Publisert 08.11.2011
Dersom du har vanskar med å nytte offentlege transportmidlar kan du søkje om reiserett i ordninga "Transporttenesta for funksjonshemma"
Publisert 15.05.2015
Bustønad Husbanken

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar.

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Jøssvollbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS