Planen sin handlingsdel blir årleg rullert, noko som kan medføre at nye anlegg/prosjekt kjem med og samstundes kan prioriteringsrekkefølgja justerast. Aktuelle prosjekt skal meldast inn til kommunen. For at ein skal ha god tid på seg i høve til rulleringsarbeidet, er fristen for å kome med innspel altså sett til den 1. oktober. Ein minner igjen om at prosjekt, som ikkje er komen med i kommunen sin handlingsdel, heller ikkje vil vere berettiga spelemidlar.
Søknader om spelemidlar vert sendt via kommunen. Fylkeskommunen skal ha kommunene sine søknader, med prioritering, innan 15. januar. Frist for å levere inn søknad til Stordal kommune er difor sett til den 15. november.
Dette er dermed ei påminning til alle som ynskjer å søkje om spelemidlar i 2009. Innspela til delplanen må altså vere sendt inn til kommunen innan den 1. oktober 2008.
Nedanfor ser ein ei oversikt over status for spelemiddelsøknadane i 2007.
For meir om spelemiddelordninga og for å kome til planen sin anleggsdel, etter rulleringa i 2007, kan ein fylje lenkene nederst