Fotograf: Hallgeir Hove
Yvonne Slager (t.v.) valgte å flytte til Namibia for å hjelpe borna ved Hope Village. Her saman med Katja Dinse då dei organiserte loppemarked i mai 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Desse jentene samla inn pengar til Hope Village i september i fjor fotograf Hallgeir Hove
Logo Stordal frivilligsentral
Logo Stordal frivilligsentral

Bytedag ved frivilligsentralen på søndag!

Søndag 2. februar kan du gjere eit kupp om du møter opp ved Stordal frivilligsentral. Då opnar ein nemleg opp for at alle som har utstyr liggande, som ikkje er i bruk lengre, kan ta dette med dit. Eiga innsamling av drakter og sko til Hope Village i Namibia vert det og. Inntektene frå sal av kaffe og kaker, vil også gå dit.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.01.2014

Det er grunn til å tru at det er mange rundt om, som helsar dette tiltaket velkomen. Mange har nok mykje utstyr liggjande og tek opp plass. Utstyr som er fullt ut brukbart men som anten ikkje passar lengre, eller at det av andre årsaker ikkje vert nytta. No kan ein altså få kvitta seg med mykje av dette. Om ein då vil ta nokre kroner for det, evt berre vil gje det vekk, er sjølvsagt opp til den enkelte. Uansett vil dette kunne bli ein gjevandes dag, for mange.

Bytedagen startar kl 11.00 og varer fram til kl 15.00!

Innsamling til Hope Village

I samband med bytedagen, ynskjer ein også å få samla inn fotballsko og drakter (av ulikt slag) til borna ved Hope Village. I tillegg vil alle inntektene frå sal av kaffe og kaker også gå til dette flotte føremålet.

Om nokon har spørsmål til korleis dette er tenkt organisert, kan ein ta kontakt med Sigurdur Freyr Gudbrandsson (tlf: 966 91 599) Det er han, saman med Katja Dinse, som har teke initiativet til det heile. I midten av februar skal dei reise til Namibia og vil då ta med seg både skor, drakter m.m. til barna ved Hope Village.

Det har ved fleire høve tidlegare vore sett i gong liknande innsamlingsaksjonar til borna ved Hope Village, og det er liten tvil i at dette kjem særs godt med. M.a. har Katja tidlegare også fått samla inn midlar til innkjøp av vaskemaskiner ved Hope Village.

Også Andershaugen barnehage ynskjer å bidra og arrangerer m.a. eigen basar i grendasalen, torsdag den 13. februar.

Les gjerne reportasjane nedanfor og få med deg endå meir også om kva Hope Village står for: 

Loppemarked ved frivilligsentralen 5. mai 2012

Seks ungjenter samla inn kr 3.000 til Hope Village (september 2013)

Det er oppretta ei eiga side på facebook knytta til bytedagen. Der finn du også meir info.

I dagens papirutgåve av Nytt i Uka, er det også eigen flott reportasje om bytedagen og ikkje minst om Yvonne og familien hennar som valgte å flytta til Namibia for å hjelpe.

Møt opp på frivilligsentralen vår førstkomande søndag. Dette bør bli ein gjevandes dag på alle måtar!

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Ytste-Skotet 1
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust