Pleie og omsorg

Hovudmåla til Pleie og omsorgsavdelinga skal vere:

Ved akutte eller kroniske behov å gi tryggleik, nødvendig    behandling og pleie i eigen heim, slik at den enkelte kan  bli buande heime lengst mogleg.

Å arbeide førebyggande for å redusere pleiebehov.

Heimehjelptenesta skal sikre brukaren praktisk bistand og medvirke til:

  • at brukaren greier mest mogleg sjølv
  • at brukaren blir minst mogleg avhengig av hjelp frå andre
  • å førebygge forverring

Dersom så ikkje er mogleg, å tilby opphald i institusjon som hjelper til å oppretthalde livskvaliteten og at tilbodet vert tilpassa den enkelte brukar sitt behov for pleie, omsorg og behandling.

Det skal og vere å tilby omsorgsbustader som ut frå si utforming hjelper til at brukarar med ulike formar for funksjonssvikt, i størst mogleg grad, kan betre eller oppretthalde sitt funksjonsnivå.

Nokre gonger kan det vere å gi avlastningstilbod som hjelper til slik at familiane får eit tilnærma normal tilvære med omsyn til arbeid, fritid, ferie og aktivitetar i kvardagen.

Det psykiske helsearbeidet i kommunen skal vere med på å forebygge alvorleg psykiske lidingar. Dette kan mellom anna gjerast ved å sette inn tiltak på eit så tidleg tidspunkt som råd for personar som er i ferd med å få problem med si psykiske helse.

Hjelp til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, td. ektefelle, foreldre, andre nære omsorgspersonar. Ordninga er ei yting innanfor den summen kommunen set av på budsjettet til slikt føremål.

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)  BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse for funksjonshemma. Ramma er den tenesta som er/vert innvilga. Det kan t.d. vere heimehjelp, støttekontakt og liknande. Den funksjonshemma kan då i prinsippet "vere arbeidsgjevar" og styre kven ein vil ha til assistent, kva assistenten skal gjere og til kva tider assistansen skal gjevast.


Søknad skal sendast til kommunen.

Klageinstans er Fylkesmannen i Møre og Romsdal.


Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester på tvers av tenesteeinga i kommunen, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal utformast i samarbeid med brukaren.
Meir opplysningar kan du få ved å ta kontakt med omsorgsleiar i kommunen Else Midtbust på tlf. 70 27 91 64, eller du kan vende deg til servicekontoret tlf. 70 27 91 00.

Heimetenesta
Heimetenesta
AnsvarlegTelefonMail
Heimesjukepleien v/ leiar Britt-Eline Støversten 70 27 91 60 E-mail
Omsorgsleiar Else Midtbust 70 27 91 64 E-mail
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Talberg
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust