Næringsliv:Stordal kommune har vore rekna som ei av dei fremste møbelkommunane i landet. Framleis står møbelindustrien sterkt, og denne industrien er også i dag den ”arbeidsplassen” i kommunen som gir størst sysselsetjing.
Jordbruket har tradisjonelt stått sterkt i Stordal. Dei naturgitte føresetnadane for jordbruksdrift har vore/er gode. Sjølv om rammevilkåra elles har vorte dårlegare, ser ein fortsatt fleire som satsar både innan tradisjonelt landbruk og ikkje minst innan dei ”nye” landbruksrelaterte næringane som turisme/reiseliv/gardsmatproduksjon m.v.
Kommunikasjon/samferdsel:Som liggjande som innfallsporten til ”The Golden Route”, har Stordal stor turistgjennomstrøyming i turistsesongen (Rv 650). Gjennom ferdigstillinga av Stordalstunnelen og seinare Dyrkorntunnelen, har Stordal i dag eit trygt og godt vegsamband både innetter- og utetter fjorden. Ca 1 times køyreavstand til Ålesund og Ålesund lufthavn (Vigra).
Turiststraumen gjennom Stordal vil venteleg auke i tida framover, ikkje minst som fylgje av Geirangerfjorden sin verdsarvstatus.
Anlegg/Infrastruktur:Stordal kommune har ein godt utbygt infrastruktur på dei fleste område. På anleggsfronten er det spesielt å legge merke til dei mange tilrettelagde tilboda innan idrett- og friluftsliv, m.a. eigen fullskala idrettshall m/skytebane og klatrevegg, alpinsenter, skihoppanlegg, gras-og grus fotballbane, og regionalt friluftsområde (Overøye/Langsæterområdet) m/opparbeidd parkeringsplass (utvida kapasitet til ca 400 p.plassar frå 01.01.2006). Alle tilboda kan nåast innanfor ei køyretid på ca 15 min frå Stordal sentrum.
Verdt å sjå: Av mykje spanande å sjå i Stordal kommune, vil vi spesielt nemne fylgjande:¨
- Stordal gamle kyrkje (Rosekyrkja) frå 1789 - unik kyrkje p.g.a. rosemålingane og treskurden inne i kyrkje.
- Ytste Skotet - mykje besøkt fjellgard der både bygningsmasse og kulturlandskap er halden i hevd av organisasjonen Storfjordens Venner.
- Privat restaurert/gjenreist eldre bygningsmasse på Jøssvoll
- Stordal småbåthamn - ei vakker og godt tilrettelagt besøkshamn for båtfolket. Nytt servicebygg opna i 2005.
- Dyrkornanleggene - eit eldre og særmerkt ”industrimiljø” ved sjøen på Dyrkorn.