Vi oppfordrar alle som skal besøke kommunehuset om å vende seg i servicekontoret sin ekspedisjon!
Tilsette i servicekontoret har lang erfaring frå mange ulike kommunale tenesteområde.
NAV - kontoret har sine lokale i kommunehuset, med same inngang som Servicekontoret, men med eigen ekspedisjon til venstre når du kjem inn. Dei har åpent på måndag, onsdag og torsdag frå kl.10.00 - 15.00. NAV Storfjorden
Vårt mål er :
- å hjelpe deg å finne fram i dei offentlege tenestene, og gjere det enklare for deg som innbyggar.
- å gi deg svar og hjelp frå kommunen.
- å prøve og løyse flest mogleg oppgåver på staden, men også å vere kontaktformidlar til saksbehandlarar, avdelingar og leiinga i kommunen.
- å tilby dei fleste søknadsskjema som kommunen har
- å gjere avdelingane og leiinga i kommunen betre gjennom å avlaste dei
- å kunne bli betre gjennom å hauste erfaringar frå verksemda, samt ta omsyn til innspel frå dei som brukar tenestene.
Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene ligg innafor følgjande område:
- Vi betener sentralbordet, og tek imot deg ved skranken når du kjem til kommunehuset. Vi gir deg informasjon om kommunen sine tenester, saksgang og viser vei til rett saksbehandlar eller avdeling.
- Postbehandling, inn- og utgåande
- Arkiv
- Politisk sekretariat
- Overformynderi
- Kunngjeringar
- Utvikling av kommunen si heimeside
- Valsekretariat
- Bustønad - Husbanken
- Parkeringsløyve for forflytningshemma
- Årskort for parkering på Overøye - Langsæterområdet
- Saksbehandling etter Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag
- Skjenke- og salsløyve
- Kunnskapsprøve i alkoholloven
- Etablerarprøve serveringsloven
- Søknader legat: Peter M. Stavdal's legat og Helsefondet.
- Ymse søknader om tilskot
- Informasjon om gebyr og prisar på kommunale tenester
- Hjelp til å kome i gang med ei byggesak : utlevering av situasjonskart over eigedom, skjema for byggesak og nabolister.
- koordinere stoff og gi ut Infoskriv til kommunen sine innbyggarar
Vidare kan vi hjelpe deg med:
- ledige tomter i kommunale byggefelt
- ledige kommunale husvære
- utlån av møterom
- avfallsspørsmål
- kopiering
- avtale time med saksbehandlar - timeavtale kan avtalast utanom kjernetida dersom naudsynt
Politiske saker som skal leggast ut til offentleg høyring finn du på Servicekontoret
Informasjon om avtalegiro:
Du kan inngå avtale med banken din om avtalegiro for betaling av rekningar for kommunale tenester.
Sittegruppe:
Vi har ei lita sittegruppe med tilgang til dagens avis og anna lesestoff som du kan nytte deg av dersom du t.d. ventar på å få møte saksbehandlar eller liknande
Publikums-PC:
Har du ikkje PC sjølv kan du vende deg til Biblioteket i Stordal der får du tilgang til publikums-PC. Tenesta er gratis.
Vi formidlar sal av følgjande:
- Boka "Farne tider" av Jostein Sand - pris kr. 200
- Boka "Gard og ætt" av Liv Randi Bjørlykke -pris kr. 400
- Ved kjøp av begge bøkene pris kr. 500.
- Heftet "Gamle ord og uttrykk" av brødrene Karl Elias og Martin Moe - pris kr. 120
- Heftet "I skuggen av krigen" av brødrene Karl Elias og Martin Moe - pris kr. 100
- Heftet " Litt om livet i Stordal i eldre tid og I skuggen av krigen -del 2" av brødrene Karl Elias og Martin Moe - pris kr. 160
Skatteetaten/likningskontoret kjøper teneste av Servicekontoret.På skatteetaten.no kan du ved å bruke pinkodene som er vedlagt skattekortet /sjølvmeldinga di, utføre tenester som:
- endre skattekortet ditt
- sende flyttemelding
- skrive ut ein rekkje skjema/brosjyrar
- levere sjølvmeldinga
- finne svar på ofte stilte spørsmål
1. februar 2012 er ID-kontroll, mottak av innflyttingsmeldingar og søknad om skattekort utført ved utvalgte skattekontor.
Les meir her