Publisert 18.06.2013
Barnas Supersommar, tae kwon do

I går kveld starta Barnas Supersommar opp, med både songseminar og med tae kwon do på programmet. Ikkje vanskeleg å sjå at begge deler fell i smak. I kveld held vi fram med minidisko på ungdomsklubben. Elles registrerer vi at det på det næraste er fullteikna når det gjeld deltakande lag på Stordalscup! Heile 91 lag er påmeldt no!

Publisert 17.06.2013
Maria Holand Tøsse

Endeleg er det klart for Barnas Supersommar! Denne veka er det songseminar og tae kwon do, på programmet, både i kveld og på onsdag. I morgon er det klart for minidisko på ungdomsklubben og så vil det eine flotte tilbodet avløyse det andre, frametter sommaren.

Publisert 14.06.2013
Kulturskuleavslutning 13. juni

Stordal kulturskule si avslutning i går kveld, stadfesta på ny den enorme musikkinteressa som rår i kommunen vår. Heile 60 barn og unge var i sving og dermed faktisk ei utfordring i høve til å rekke over alt, på ein konsertkveld. Ingen av dei 150 stolane i grendasalen stod tomme og responsen frå publikum tala sitt tydelge språk.    

Publisert 13.06.2013
Gründercamp 2013

Sist fredag kunne dugande 9. klassingar ved Stordal skule presentere resultatet av årets gründercamp. Elevane var delt inn i fire grupper, som hadde fått kvar sine problemstillingar og oppdragsgjevarar. Til liks med tidlegare, imponerte elevane og juryen fekk ikkje noko enkel oppgåve når dei skulle rangere dei fire gruppene.

Publisert 13.06.2013
Stemmerettsjubileet - Temakveld Stordalshallen

Den lokale komitéen for Stemmerettsjubiléet 2013, hadde fått på plass fem rett så profilerte damer til temakvelden i Stordalshallen, onsdag 12. juni. Ekstra kjekt då å registrere at interessa for å få med seg det heile var så stor.

Publisert 12.06.2013
Minikonsert Stordal Skulekorps mai 2013

Tysdag 4. juni inviterte Stordal Skulekorps til minikonsert i Stordalshallen. Dette vart også ei flott sommaravslutning for dei flinke musikantane. I tillegg til å få oppleve det dugande korpset i aksjon, var det også sal av kaffe, saft og sveler, samt trekking av vårlotteriet.

Publisert 10.06.2013
Pål Bjørn Øvrebust

Denne helga har 22 av Møre og Romsdal skikrets sine kretsløparar i langrenn gjennomført samling i Stordal. Som vanleg hadde dei base i Stordalshallen og kretslagstrenar, Pål Bjørn Øvrebust, kan igjen konstatere at akkurat det fungerer glimrande.

Publisert 10.06.2013
Jonathan Parr

Stordalscup er og blir ein folkefest. Når det no berre er vel to veker att, kan vi konstatere at også årets arrangement er fullspekka med opplevingar for både små og store.

Publisert 10.06.2013
Logo - Barnas kommune

Då er programmet for Barnas Supersommar sendt ut og også denne gongen er det mykje kjekt å vere med på. Legg merke til at det for ein del av aktivitetane er påmelding og dermed vil det nok vere lurt å vere om seg. Som vanleg er det gratis å vere med!

Publisert 07.06.2013
Kulturskuleavslutning 2012 - Hedda, Siri Jun og Tieme

Torsdag 13. juni er det klart for kulturskuleavslutning i Stordalshallen. Då vil vi få oppleve om lag 40 elevar i aksjon og ser ein på det vi har fått vore med på tidlegare år, er det berre å byrje å gle seg! 

   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove