Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon for alle som bur i landet. Folkebiblioteket er ledd i det nasjonale biblioteknettverket , som gjer at det er mogleg med innlån frå folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.
Her kan du søke i Stordal bibliotek sine samlingar : http://websok.mikromarc.no/stordal-fb
Sosial møteplass
Biblioteket er ein uformell sosial møteplass. Her kan menneske møtest på tvers av generasjonar og interesser.Biblioteket har fleire trivelege sittegrupper både for store og små.På biblioteket finn du også teiknesaker og diverse spel.
Studierom
Stordal bibliotek har eit eige studierom med 4 arbeidsplassar. I studierommet er biblioteket si samling av referanselitteratur, samt ein PC med internett.
Leser søker bok
Biblioteket samarbeider med organisasjonen "Leser søker bok" om å tilby lettleste bøker for vaksne. Sjå link nederst.